+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

Kva skal du legge vekt på i innkjøpsfasen av notvaskar? Her er nokre råd til viktige element å vurdere for å få mest for pengane.

Straumforhold

Ein god lokalitet har god gjennomstrømming av vatn og næringsstoff. Dette er ei utfordring å takle for fleire av notvaskarane. At vaskaren taklar strøm vil gi mindre nedetid og du kan fullføre jobb til avtalt tid. Vurder kva tilhøve som gjeld der du skal vaske.

Slakk not

Tilstanden til not bestemmer kva type notvaskar du treng. Alle kan fungere i stram not, men berre den råaste taklar slakke, utfordrande nøter som er vel så vanlege langs kysten vår.

Slakk not

Slakk not og sterk straum kan lage krevjande forhold under overflata.

Dieselforbruk

Her er det store variasjonar mellom ulike modellar. Å satse på ein modell med lågt forbruk vil utgjere store forskjellar i driftskostnadene. Variasjonar frå ca 14-100 liter i timen utgjer ein god del i kroner på eit år.

Slitasje på not

Høgt trykk gjer at ikkje berre skiten forsvinn, men tærer og på sjølve nota og impregnering. Eit lågt vasketrykk er under 150 bar.

Vaskekvalitet

Alle notvaskarar på marknaden yter tilfredstillande vaskekvalitet på optimal stram not. Det er på for eksempel mykje groe, blåskjel og i toppen av nota du får sjå kva vaskar som yter best.

Vedlikehaldsbehov

Ved å velje ein etablert vaskar sikrar du at teknologien er utprøvd og optimalisert. Lite behov for vedlikehald sikrar låge driftskostnader og lite nedetid.

Håpar dette innlegget hjelper deg på vegen mot vaskeløysinga som passar di bedrift.

Les meir om notvask her >>

6 grunnar til val av Østerbø Yanmar notvaskar >>

Notvask under vann