+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

– Vi er veldig godt fornøgd med Yanmar notvaskarane våre, seier Halvor Økland hos Br. Bakke AS, – dei kjem til i heile nota, vaskar reint med lite notslitasje og har låg driftskostnad.  

Br. Bakke Notvasker

Halvor Økland hos Br. Bakke ved Yanmar notvaskaren som har vore i drift sidan 2014 og er «still going strong»

Br. Bakke AS har drive med notvask i mange år i Hordaland og Sogn og har prøvd ut ulike løysingar gjennom tidene. No har dei landa på to Yanmar notvaskarar frå Østerbø Maskin AS. Halvor Økland har fleire års erfaring som servicearbeidar hos Br. Bakke og opplever ein god arbeidskvardag med denne vaskaren. Den styrast komfortabelt frå båten og taklar røffare forhold under vatn enn andre.

Auka effektivitet og lite vedlikehald

– Vi opplever auka effektivitet med denne vaskaren, fortel Økland, – Dette på grunn av lite stopp under vasking sidan den kjem til overalt og lite vedlikehaldsbehov. Dermed kan vi berre vaske i veg. Etter vår erfaring er den nærmast vedlikehaldsfri. Dette er viktige eigenskapar sidan vi leverer tenester under krevjande forhold langs fjord og kyst.

Lågt dieselforbruk

– Vi får rapportar frå kundar på dieselforbruk ned i 14 – 18 liter i timen, seier Kim André Eide hos Østerbø Maskin AS, – Då vil innsparingane bli betydelege.

Dieselforbruket er lågare enn løysingar dei har nytta tidlegare. – Vi har merka oss at forbruket er på omlag ein dieseltank om dagen ved inntil 12 timersskift, seier Økland vidare, – Dette er mindre enn løysingane vi har brukt før og det utgjer ein god del kroner spart i løpet av eit år.

– Vi får rapportar frå kundar på dieselforbruk ned i 14 – 18 liter i timen, seier Kim André Eide hos Østerbø Maskin AS, – Då vil innsparingane bli betydelege.

«Badass» notvaskar

Den blir ofte omtala som ein «badass» notvaskar

Det er ein unik patentert teknologi som ligg til grunn der alt vatnet i pumpa blir brukt til vask. Det er dette som sikrar den tette kontakten med lågt trykk. – Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundar. Den blir ofte omtala som ein «badass» notvaskar, fortel Eide, Det er denne du treng når «nøtene blir slakke og straumen setter inn…», slik ein ofte kan oppleve langs kysten vår. Notvaskarane blir produserte hos Yanmar i Japan, men er utvikla i samarbeid med Østerbø. Slik er dei optimalisert for norske forhold med Yanmar sin driftstryggleik og erfaring i botn.

Slakk not

Slakk not og stram kan gi utfordrande forhold under overflata

Fornøgde kundar

Vi har kundar med utfordrande lokasjonar som aldri har opplevd nøtene sine så reine

– Oppsummert er Østerbø Yanmar notvaskaren eit svært godt arbeidsreiskap. Vi har kundar med utfordrande lokasjonar som aldri har opplevd nøtene sine så reine. Den gir eit godt resultat og jobben blir utført som avtalt. Fornøgde kundar og fornøgd fisk – det er slik vi vil ha det, avsluttar Økland.

Kontakt

Kim André Eide: 994 46 984 , kim@osterbo.no

Sjå meir om Notvaskaren >>

NotvaskKanskje du og er interessert i desse sakene

6 grunnar til å velge Østerbø Yanmar notvaskar

Yatek AS: Det beste med vaskaren er at den taklar straum og sjøgang

Ein film for korrekt bruk – Østerbø tek kundeopplæring eit steg vidare

Meir om notvask