+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

Vi har auka oppdragsmengde og er på jakt etter ein elektromontør som også skal leie arbeid på anlegg. Det føl noko meir ansvar med stillinga enn ein vanleg elektromontør, og her er rom for å lære mykje og vekse i stillinga. Du skal ha base på Østerbø og hovudsakleg jobbe i nærområdet, men det blir og nokre oppdrag  ”utanbygds”.

Du skal jobbe med elektroinstallasjon og vedlikehald samt vere med på produktleveransar og serviceoppdrag når det trengs. Stillinga inngår i kommande vaktordning. Du er med på laget som skal skape og ivareta gode kunderelasjonar. Det kan bli lagt noko planlegging og leiing av arbeid til stillinga så det er ein fordel med erfaring frå denne typen arbeid. Du må ha fagbrev som elektromontør gr. L og førarkort for bil. Sidan arbeidet inneber mykje kundekontakt er vi på jakt etter nokon som kan norsk skriftleg og munnleg. Vi kan lokke med 100% fast stilling med konkurransedyktig løn. Servicebil følgjer med for å løyse spennande og utfordrande oppgåver i store og små prosjekt. 

Velkommen som søkar til ei interessant elektrostilling i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir info og søknad

Kontakt Steinar Holen: 48 16 17 23 for meir informasjon om jobben.
Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no før 25. november 2017.

>> Vi har og ledige stillingar som installatør, mekanikar og team-medarbeidar aggregat <<

Visste du at…

… vi har utført elektroinstallasjonen på Noreg største landbaserte kveiteoppdrett?
… at straumaggregata våre tryggar nyfødde kuvøsebabyar på sjukehus rundt i Noreg ved straumstans?
… vi har driftsavtaler Ex-elektro med oljehamn
… Vi har lagt ned 6000 meter røyr til Sogn Aqua i Ortnevik
… Vi har som oftast eit produktutviklingsprosjekt på gang..

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i eit levande lokalmiljø med andre spennande bedrifter som naboar. Bedrifta jobbar i dag med bl.a. elektromekanisk industri, elektroinstallasjon, sal av strømaggregat og utstyr til havbruk. No opnar vi dørene for ein installatør, ein elektromontør og ein mekanikar som vil vere med og utvikle bedrifta vidare. Velkommen med på laget! 

Høyanger Sørside er ein flott stad å bu og jobbe. No er det ei stor kraftutbygging på gang rett utanfor verkstaddøra vår, så her ligg moglegheitene klare. I Bjordal er det god og moderne skule og barnehage, samt at her er jobbmoglegheiter i både andre bedrifter og i kommunal regi om du har ein familie å ta med hit.