+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

Er du den drivande dyktige installatøren som vil vere med og skape elektrisk magi på Østerbø?

Elektroinstallasjon

Østerbø Maskin AS satsar på elektro og treng deg som installatør med på laget for å bygge opp og vidareutvikle elektroavdelinga vår. Vi har opparbeida oss ein solid posisjon i marknaden og rigga oss for vidare vekst.

Du blir overordna fagleg ansvarleg for elektroinstallasjon. Ein spennande og utfordrande kvardag der du skal ha kontroll på dei hyggelege og dyktige elektromontørane våre, forme framtida til lærlingar og dele kunnskap med andre tilsette. Du synst ”Litande løysing” er eit slagord du kan tenke deg å levere på og har trua på å sjå løysingar der andre ser problem. Fint om du er heilt sjef når det gjeld oversikt og struktur på ditt fagfelt. Du skal prate med kundar, rekne på tilbod og utføre sluttkontroll på prosjekt. Vi tilbyr deg ein trygg jobb i ei solid bedrift i vekst. Du blir del av eit sterkt fleirfagleg miljø der det alltid er nokre spennande prosjekt på gang. Du vil og bli med på arbeidet med å skape nye produkt og løysingar innan fagfelta våre. Når vi ser noko som kunne vore løyst på ein betre måte, så må vi berre prøve på å få det til. På Østerbø har vi trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling, glimt i auga og høve til å påverke eigen arbeidskvardag. Arbeidsstaden din blir Østerbø eller Sløvåg, det som passar best for deg.

Har du i tillegg utdanning og papir i orden så er nok dette jobben du har venta på. Det er eit stort pluss om du har lest denne annonsa utan bruk av Google Translate. Og vi, vi ventar i spenning på akkurat din søknad.

Meir info og søknad

Kontakt Steinar Holen: 48 16 17 23 for meir informasjon om jobben.
Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no før 25. november 2017.

>> Vi har og ledige stillingar som elektromontør, mekanikar og team-medarbeidar aggregat  <<

Visste du at…

… vi har utført elektroinstallasjonen på Noreg største landbaserte kveiteoppdrett?
… at straumaggregata våre tryggar nyfødde kuvøsebabyar på sjukehus rundt i Noreg ved straumstans?
… vi har driftsavtaler Ex-elektro med oljehamn
… Vi har lagt ned 6000 meter røyr til Sogn Aqua i Ortnevik
… Vi har som oftast eit produktutviklingsprosjekt på gang..

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i eit levande lokalmiljø med andre spennande bedrifter som naboar. Bedrifta jobbar i dag med bl.a. elektromekanisk industri, elektroinstallasjon, sal av strømaggregat og utstyr til havbruk. No opnar vi dørene for ein installatør, ein elektromontør og ein mekanikar som vil vere med og utvikle bedrifta vidare. Velkommen med på laget! 

Høyanger Sørside er ein flott stad å bu og jobbe. No er det ei stor kraftutbygging på gang rett utanfor verkstaddøra vår, så her ligg moglegheitene klare. I Bjordal er det god og moderne skule og barnehage, samt at her er jobbmoglegheiter i både andre bedrifter og i kommunal regi om du har ein familie å ta med hit.