+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

Grunna auka oppdragsmengde treng vi ein ”tusenkunstnar” på verkstaden som skal ha ansvaret for å bygge nye produkt, samt utføre vedlikehald og service.

Reservekraft frå Østerbø

Som mekanikar hos oss får du vere med og bygge utviklingsprosjekt – frå prototype til ferdig produkt. Du får følge opp kundar, utføre mekanisk service og produktvedlikehald både på verkstad og hos kunde. Du reiser ut på monterings- og serviceoppdrag hovudsakleg knytt til utstyr til havbruk og strømaggregat. På verkstaden jobbar du i eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektromontørar. Du er klar for å ta ansvar og jobbar sjølvstendig. Vi ynskjer ha eit arbeidsmiljø med ”glimt i auga” og moglegheiter for personleg og fagleg utvikling. Flott om du har relevant fagbrev og praksis. Men mangeårig relevant praksis kan vege opp for manglande papir.

Velkommen som søkjar til mekanisk stilling i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir info og søknad

Kontakt Steinar Holen: 48 16 17 23 for meir informasjon om jobben.
Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no før 25. november 2017.

>> Vi har og ledige stillingar som elektromontør, team-medarbeidar aggregat og installatør <<

Visste du at…

… vi har utført elektroinstallasjonen på Noreg største landbaserte kveiteoppdrett?
… at straumaggregata våre tryggar nyfødde kuvøsebabyar på sjukehus rundt i Noreg ved straumstans?
… vi har driftsavtaler Ex-elektro med oljehamn
… Vi har lagt ned 6000 meter røyr til Sogn Aqua i Ortnevik
… Vi har som oftast eit produktutviklingsprosjekt på gang..

Om Østerbø Maskin

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i eit levande lokalmiljø med andre spennande bedrifter som naboar. Bedrifta jobbar i dag med bl.a. elektromekanisk industri, elektroinstallasjon, sal av strømaggregat og utstyr til havbruk. No opnar vi dørene for ein installatør, ein elektromontør og ein mekanikar som vil vere med og utvikle bedrifta vidare. Velkommen med på laget! 

Høyanger Sørside er ein flott stad å bu og jobbe. No er det ei stor kraftutbygging på gang rett utanfor verkstaddøra vår, så her ligg moglegheitene klare. I Bjordal er det god og moderne skule og barnehage, samt at her er jobbmoglegheiter i både andre bedrifter og i kommunal regi om du har ein familie å ta med hit.