+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

– Vi på jakt etter ein elektromontør som også skal leie arbeid på anlegg, fortel Åsmund Tveit Installatør hos Østerbø Maskin AS. – Det føl noko meir ansvar med stillinga enn ein vanleg elektromontør, og her er rom for å lære mykje og vekse i stillinga. – Du skal ha base på Østerbø eller Sløvåg og hovudsakleg jobbe i nærområdet, men det er og mogleg det blir nokre oppdrag  ”utanbygds”.

Elektroavdeling

Elektroavdelinga hos Østerbø Maskin satsar på industrirelatert elektroinstallasjon og har i dag 6 elektromontørar og installatørar. Slik vil den nye elektromontøren bli del av både eit fagmiljø innan elektro og eit tverrfagleg miljø med til saman 30 tilsette fordelt på avdelingane på Østerbø og Sløvåg.

Sjå heile stillingsannonsa her >>

Mange spennande prosjekt

– Vi driv med mange spennande prosjekt der elektroinstallasjonen på verdas største landbaserte kveiteanlegg i Ortnevik må trekkast fram (Sogn Aqua Glitne har ledige stillingar ved anlegget). På Sørsida finst mange driftige bedrifter og personar som resulterer i at ein ofte blir ein del av slike spennande nybrotts-prosjekt, seier Tveit. – Dette er ein flott stad å bu og jobbe, skyt dagleg leiar Steinar Holen inn, – No er det ei stor kraftutbygging på gang rett utanfor verkstaddøra vår, så her ligg moglegheitene klare. I Bjordal er det god og moderne skule og barnehage, samt at her er arbeidsmoglegheiter i både andre bedrifter og i kommunal regi om du har ein familie som skal vere med hit.

SognAqua

Anlegget til Sogn Aqua i Ortnevik under utbygging

Arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar

Du skal jobbe med elektroinstallasjon og vedlikehald samt vere med på produktleveransar og serviceoppdrag når det trengs. Stillinga inngår i kommande vaktordning. Du er med på laget som skal skape og ivareta gode kunderelasjonar og vel sjølv om det passar best med oppmøtestad Østerbø eller Sløvåg. Det kan bli lagt noko planlegging og leiing av arbeid til stillinga så det er ein fordel med erfaring frå denne typen arbeid. Du må ha fagbrev som elektromontør gr. L og førarkort for bil. Det er eit pluss om du har fagskuleutdanning i tillegg. Sidan arbeidet inneber mykje kundekontakt er vi på jakt etter nokon som kan norsk skriftleg og munnleg. Vi kan lokke med 100% fast stilling med konkurransedyktig løn. Servicebil følgjer med for å løyse spennande og utfordrande oppgåver i store og små prosjekt.

Velkommen som søkar til ei spennande elektrostilling i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Sjå heile stillingsannonsa her >>

Kontakt

For meir informasjon kontakt: Installatør Åsmund Tveit: 48 16 17 27, aasmund@osterbo.no