+47 48 16 17 18 om@osterbo.no

Yatek AS utfører notvask og andre serviceoppdrag mot havbruksnæringa i hovudsakleg Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordhordland. Dei investerte i sin første Yanmar Notvaskar i 2015 og har fått testa den grundig ut.

Robot med patentert teknologi

Østerbø Yanmar notvaskaren er ein nedsenkbar robot som styrast med joystick frå båt. Du har full oversikt på tilstanden under vatn med vidvinkelkamera og skjermar. Patentert teknologi gjer at alt vatnet i pumpa blir brukt til spyling og vaskaren har eit godt innpress mot nota.

Brukarerfaring frå Yatek AS

– Det beste med Østerbø Yanmar notvaskaren er at den tåler straum og sjøgang godt slik at vi kan fullføre jobben sjølv under krevjande forhold.

Øyvind Høie

Øyvind Høie

Dagleg leiar i Yatek AS, Øyvind Høie, har mange års erfaring frå havbruk og visste nøyaktig kva han var på jakt etter då han skulle investere i notvaskar. – Pålitelighet var veldig viktig for oss. Dette produktet krev lite vedlikehald og distributør i Norge, Østerbø Maskin AS, er raskt på plass dersom det er nødvendig med service.

– Det beste med Østerbø Yanmar notvaskaren er at den tåler straum og sjøgang godt slik at vi kan fullføre jobben sjølv under krevjande forhold. På grunn av lågt trykk vaskar den og svært skånsomt og beheld barkestoff på not lenger enn konkurrentar. Dette gjer kundane våre fornøgde, seier Høie.

– Samanlikna med andre løysinger på marknaden har Yanmars notvaskar svært godt vaskeresultat, konkluderer Høie.

Aquafeed

Engelsk utgåve av saka kan du finne hos International Aquafeed

Engelsk utgåve av saka kan du finne hos International Aquafeed

Ved å investere i Yanmar notvaskar får du

  • Mindre nedetid – driftssikker maskin som ”går og går”
  • Mindre utgifter til drivstoff: grunna lågt trykk brukar pumpa ned mot berre 14 l diesel i timen
  • Slepp vente på vindstille solskinnsdag: unike eigenskapar i straum og slakk not med stor kontaktflate mot not
  • God oversikt på tilstanden under vatn via film på skjerm i båten
  • God opplæring av vaskepersonell: opplæringsfilm og oppstartskurs følger med leveranse
  • Sjeldnare notskift: lågt vasketrykk

Kanskje du og er interessert i desse sakene

6 grunnar til å velge Østerbø Yanmar notvaskar

Ein film for korrekt bruk – Østerbø tek kundeopplæring eit steg vidare

Meir om notvask