Bruk notvaskar med Yanmar belte for trygg, skånsom og effektiv vask av oppdrettsnot

1. Skånsom kontakt

Trygge gummibelter

Trygge belter i mjuk gummi

Yanmar sine skånsomme belte er laga av mjuk gummi, utan framandlegeme. Dei har ingen skarpe kantar som kan skade not, men ein gummistruktur som sikrar god og skånsom kontakt.

– Det har nesten blitt ei etablert sanning i havbruksnæringa at alle belte er fy-fy. Men våre er utforma på ein unik måte som ikkje skadar nota, seier Jan Erik Søreide hos Østerbø Maskin AS.

2. Godt grep og grundig vask

For å oppnå heilt rein not trengst tett kontakt og godt grep. Slik kan det vaskast med lågt og skånsomt trykk og likevel oppnå topp resultat.

– Vår Yanmar vaskar er ikkje berre ein rein vedlikehaldsvaskar som kun tek lette groepåslag slik vi ser fleire av i dag. Denne maskina tek til og med blåskjel og er den einaste som kan vaske luseskjørt grundig i same vaskeprosess i følge tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Søreide.

– Vi har erfaring med ulike notvaskarar og meinar Østerbø Yanmar er den løysinga med belter som er snillast mot nota og har markedets beste vaskekvalitet.

Dagleg leiar Kristian Kristensen, Folden Akva AS

3. Stor kontaktflate og smart fordeling av skyvekraft

Østerbø Yanmar notvasker har stor kontaktflate mot not og fordelar krafta på to belte og fire breie tromlar. Skyvekraft pr motor (1 belte og 2 tromlar) er 75 kg.

Notvask tett kontakt i topp

Tett kontakt og godt grep til og med i toppen av nota

I ei gjennomsnittleg not med maskeopning 2,2 cm har kvar maske bruddstyrke på ca 100 kg. Kontaktflate belter: 2 x 11,5 * 125 cm. I tillegg kjem tromlar på 4 x 60*10 cm.

– Sjølv om kun mindre delar av belte har kontakt mot not under spesielle forhold skal bruddstyrken i nota vere overlegen skyvekrafta i beltet. I følge tala er det bortimot umogleg å lage hol med våre mjuke gummibelter med rett bruk og godkjend not, seier Søreide

4. «Null hull» Null hull

Omfattande dykkarkontrollar viser ingen hol i not som følge av vask med Yanmar belte.

– Grunna bekymringar frå oppdrettarar som har erfaring frå konkurrerande utstyr har fleire av kundane våre gjennomført tredjeparts dykkarkontroll etter vask. Desse viser at Østerbø Yanmar notvaskar er trygg i bruk, konkluderar Søreide.

Jan Erik Søreide

Jan Erik Søreide i Østerbø Maskin AS

Les meir

Kontakt

Kim André Eide: kim@osterbo.no, 994 46 984

Jan Erik Søreide: janerik@osterbo.no, 48161725