Kva skal du legge vekt på i innkjøpsfasen av notvaskar? Her er nokre råd til viktige element å vurdere for å få mest for pengane.
Straumforhold
Ein god lokalitet har god gjennomstrømming av vatn og næringsstoff. Dette er ei utfordring å takle for fleire av notvaskarane. At vaskaren taklar strøm vil gi mindre nedetid og du kan fullføre jobb til avtalt tid. Vurder kva tilhøve som gjeld der du skal vaske.
Slakk not
Tilstanden til not bestemmer kva type notvaskar du treng. Alle kan fungere i stram not, men berre den råaste taklar slakke, utfordrande nøter som er vel så vanlege langs kysten vår.

Slakk not og sterk straum kan lage krevjande forhold under overflata.
Dieselforbruk
Her er det store variasjonar mellom ulike modellar. Å satse på ein modell med lågt forbruk vil utgjere store forskjellar i driftskostnadene. Variasjonar frå ca 14-100 liter i timen utgjer ein god del i kroner på eit år.
Slitasje på not
Høgt trykk gjer at ikkje berre skiten forsvinn, men tærer og på sjølve nota og impregnering. Eit lågt vasketrykk er under 150 bar.
Vaskekvalitet
Alle notvaskarar på marknaden yter tilfredstillande vaskekvalitet på optimal stram not. Det er på for eksempel mykje groe, blåskjel og i toppen av nota du får sjå kva vaskar som yter best.
Vedlikehaldsbehov
Ved å velje ein etablert vaskar sikrar du at teknologien er utprøvd og optimalisert. Lite behov for vedlikehald sikrar låge driftskostnader og lite nedetid.
Håpar dette innlegget hjelper deg på vegen mot vaskeløysinga som passar di bedrift.