– Det er svært hyggjeleg at kundar kjem tilbake til oss når dei skal investere i nytt vaskeutstyr. Det viser at vaskaren leverer varene ute hos kundane, seier Jan Erik Søreide hos Østerbø Maskin AS.

Lite nedetid og god kvalitet

Leco Marine er eit serviceselskap som er avhengig av å ha utstyr med lite nedetid og god vaskekvalitet under alle forhold. Spesielt der det er tøff groe som blåskjel.

– Denne nye notvaskaren er i drift hos ny oppdrettar i Skottland og det er både kjekt og viktig for oss i Østerbø å høyre at kundane våre får gode tilbakemeldingar på sine vaskeleveransar, seier Søreide

Enkelt vedlikehald

David Skea i Leco Marine fortel at dei føler oss sikre på å gjere en god og effektiv jobb med Østerbø Yanmar notvaskar ombord. – Vaskaren leverer god vaskekvalitet overalt, og vi har hatt svært lite driftsstans med dette utstyret.  Det er enkelt å utføre normalt vedlikehald, og dette er en viktig eigenskap ved val av vaskesystem, avsluttar David Skea, dagleg leiar i Leco Marine.

Les meir: Null nedetid for skotsk sørvisselskap

Les meir: Yatek AS satsar vidare på notvask