Er du vår nye drivande dyktige administrerande direktør? Østerbø Maskin AS treng ein toppleiar som vågar å vere med å skape og vidareutvikle eit lite «industrieventyr» i Ytre Sogn. Du får det overordna ansvaret for å styre selskapet i retninga styret stakar ut. Du må vere god på økonomi, folk, lagspel (meir enn fotball), strategi og ha ei gjennomslagskraft det går gjetord om. Du vil vere overordna ansvarleg for å skape ein attraktiv arbeidsplass som framleis skal vere kjend for å levere litande løysingar til kundane. Velkommen til Østerbø!

Til Østerbø Maskin AS søker vi no Administrerande direktør som vil ha det overordna strategiske og operative ansvaret for å leie verksemda i tråd med rammevilkåra og målsettingane styret vedtek. Stillinga vil ha overordna ansvar for drift, utvikling og vekst i Østerbø, deriblant ansvar for økonomiske resultat og rapportering av nøkkeltal i alle forretningseiningar.

Som administrerande direktør er du overordna ansvarleg for å vidareutvikle organisasjonen og kulturen, samt sikre at Østerbø framleis leverer litande løysingar til kundane.

Hovudansvar og oppgåver

  • Overordna ansvar for å gjennomføre og tilpasse mål og strategi vedteke av styret og leiargruppa, derunder innføring og oppfølging av desse
  • Overordna ansvar for ekstern og intern kommunikasjon
  • Sikre at bedrifta har oppdaterte og gode driftssystem
  • Sikre at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet
  • Skape ein attraktiv arbeidsplass gjennom vidareutvikling av kultur og medarbeidarar og sikre rett kompetanse på rett stad i organisasjonen
  • Myndigheitskontakt og overordna HMS-ansvar
  • Merkevarebygging og synlegheit
  • Vidareutvikle eksisterande samarbeid og skape nye strategiske alliansar
  • Bistand i eventuelle oppkjøpsprosessar med ansvar for integrering av nye selskap

Bakgrunn og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning – helst teknisk i kombinasjon med leiing og økonomi
  • Minimum 5 års relevant leiarerfaring, helst industribedrift
  • God økonomiforståing
  • Bransjeerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Prosjektleiing og prosjektmetodikk
  • Lean og prosessforbetring
  • Erfaring med kultur- og organisasjonsbygging
  • God IT-kompetanse, digital forståing og interesse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk. God på formidling og innsal

Personlege eigenskapar

  • Forretningsforståing:Du forstår verksemda sine strategiar og prioriteringar og brukar kunnskapen til å oppnå måla.
  • Litande: Du etablerer truverd, møter utfordringar med rak rygg og andre menneske på ein god måte
  • Sterk kommunikator:Du formidlar informasjon klart og lett, både munnleg og skriftleg.
  • Relasjonsbyggar: Du søker stadig å etablere truverd, tillit og innflytelse hos kundar og andre. Samarbeider på tvers av etablerte rapporteringsliner.
  • Lagspelar: Du set «vi» høgre enn «eg». Du motiverast av å gjere andre gode, deler ansvar og hjelper gruppa med å få jobben gjort.
  • Resultatorientert: Du set utfordrande mål og jobbar hardt for å nå dei

Vi tilbyr

  • Solid selskap med store vekstambisjonar
  • Ei spennande stilling med stor moglegheit til å påverke
  • God kultur, kompetente medarbeidarar som etterlever godt forankra verdiar
  • Konkurransedyktige vilkår

Lokalisering og reise

Stillinga rapporterer til styret i Østerbø Maskin AS og arbeidsstad vil vere Østerbø og Sløvåg. Pendling kan diskuterast.

Meir informasjon

For meir informasjon om stillinga kan du kontakte firmaet Bønes Virik:

Liv Braathen, Partner: 488 49 499 eller
Camilla Høgøy Helleseth, Executive Researcher: 464 26 866

Syns du dette er interessant?

Send oss nokre ord om kvifor og legg ved CV-en din via: www.bonesvirik.no/
Søknadsfrist Søndag 29. september.