Østerbø Maskin AS, avdeling Sløvåg
Vil du bli ein del av dette teamet i Sløvåg, og ha heile Noreg som arbeidsplass? No har du moglegheit til å bli med på laget til ein av landets største og fremste leverandørar på nødstrøm og reservekraft.
Aggregatavdelinga vert styrt og leia frå avdelinga vår i Sløvåg. Vi er i dag 8 tilsette, 6 i Sløvåg og 2 på Østerbø. På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer me ein serviceinnstilt og ansvarleg person til aggregatteamet i Sløvåg.
Arbeidsoppgåver
Aggregatteamet er tverrfagleg og følger kundane heile vegen frå sal via montering og installasjon til service. Du skal hovudsakleg vere ein av våre menn/kvinner ute hos kunden.
Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom installasjon og serviceoppdrag. Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 140 aktive serviceavtalar.
- Du monterer, installerer og køyrer i gang aggregat rundt i heile Noreg
- Du leiar tidvis prosjekt og arbeid med installasjon
- Kvalitetssikring av leveransen – litande løysingar
- Du utfører planlagde servicejobbar og rykker ut på eventuell feilsøking og feilretting
- Prefabrikkering av mekaniske delar som eksosanlegg og ventilasjon på verkstaden i Sløvåg
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.
- Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast
- Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
- Tilpassa reise- og friordning
- Intern opplæring
- Trygg arbeidsplass
- Godt arbeidsmiljø
Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling. Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning.
Kvalifikasjonar
Du har sansen for «Litande løysingar», arbeider sjølvstendig og nøyaktig og er god på orden og punktlegheit.
- Du har erfaring frå liknande arbeid
- Utdanning innan mekaniske fag/sveis (mangeårig relevant praksis kan vege opp for manglande utdanning)
- Automatikarar, elektromontørar og industrirørleggarar med kompetanse på mekanisk/sveis blir og vurderte
- Førarkort kl BE
- Flytande norsk, skriftleg og munnleg. Er eit pluss om ein beherskar engelsk i tillegg.
Meir informasjon og søknad
For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no. innan 15. november
Her kan du sjå korleis kvardagen som aggregatmontør kan vere:

Tett på: Jostein Birkeland

Tett på: Pawel Ziolkowski

Tett på: Jetmund Høsteland
Om oss
Østerbø Maskin er ein del av Østerbø Gruppa AS. Ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, elektrotenester, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Vi samarbeider tett med søsterselskapet vårt Meland Elektro og satsar vidare saman. Velkommen med på laget!