Er du ein erfaren basmontør/montør med mekanisk/plast-bakgrunn som ønskjer å ta det neste steget i karrieren?

Østerbø Maskin søker ein serviceinnstilt og ansvarleg basmontør som skal vere med og forme satsinga vår på PE-plastsveis. Du skal ta del i plastsveising av rør og plater i ulike dimensjonar både lokalt i Østerbø-området og hos kunde. Samt utføre vedlikehald, service og leie monteringsjobbar i felt.

I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti dei verkeleg unike og spesielle prosjekta. No satsar vi på tyngre PE-rørsystem som f.eks. inntaksrør til havbruk og ynskjer bygge eit endå sterkare fagmiljø rundt dette. Blant anna har vi rammeavtale på levering av PE-rørsystem til Ecomerden AS >>

Arbeidsoppgåver

  • Plastsveis av PE-rør ekstruder, muffe og speil
  • Basmontør for utemonteringsjobbar
  • Utføre mekanisk service og produktvedlikehald både på verkstad og hos kunde
  • Reise ut på monterings- og serviceoppdrag

Hos oss jobbar du både sjølvstendig og som del av eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektrikarar. Vi jobbar kvar dag med å levere litande løysingar til kundane våre.

PE-plast

Ønska Kvalifikasjonar

  • Mekanisk/Plast fagbrev, men lang erfaring kan erstatte formell kompetanse
  • Førarkort kl BE samt helst kl C med kransertifikat
  • Sertifikat for truck er ein fordel
  • Arbeidar sjølvstendig og er god på orden
  • Flytande norsk og engelsk
 
Ekstruder

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Sertifisering i bruk av utstyr
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode karrieremuligheiter for den rette kandidaten
  • Velutstyrt verkstad og nytt administrasjonsbygg
  • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
  • Arbeidsstad er Østerbø, Bjordal

Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida. Vi hjelper til med bustad osv. om det trengs.

Rørsveis oppdrett

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om jobben kontaktar du:

Steinar Holen

Steinar Holen

Leiar produkt og produksjon

Kontakt meg om: Verkstad, mekaniske prosjekt

adresseØsterbø

telefon48 16 17 23

steinar@osterbo.noe-post

Mathijs van der Veldt

Mathijs van der Veldt

Produksjonsansvarleg

Kontakt meg om: Verkstadoppdrag, produksjon

adresseØsterbø

telefon 48 16 17 30

mathijs@osterbo.noe-post

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 15. oktober

Om oss

Østerbø Maskin er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 35 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.

Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!