Er du vår nye drivande dyktige elektrikar eller automatikar klar for nye utfordringar?
Grunna auka oppdragsmengde innan nybygg, bustad og industri søkjer vi nye tilsette til arbeid i Frekhaug-området. Vi satsar også vidare på onshore/offshore og treng elektrikarar og automatikarar til arbeid innan dette segmentet.
Arbeidsoppgåver
- Utføring av elektro-/automasjonsinstallasjonar
- Sikre at arbeid blir gjennomført på eit høgt fagleg nivå, til rett pris og rett tid
- Energieffektivisering
- Automasjon
Bakgrunn og kompetanse
- Fagbrev som elektrikar eller automatikar
- Gjerne erfaring frå industri og offshore
- Fordel med erfaring med arbeid i Ex-område
- Førarkort kl B
- God skriftleg og munnleg norsk og engelsk
Vi tilbyr
- Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
- Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Oppmøtestad avd. Frekhaug
Kontakt oss
100% faste stillingar: 3 stk Frekhaug + 5 stk offshore/onshore
Søknadsfrist: 1. mai, søknader blir vurdert fortløpande
Kanskje er du også interessert i desse jobbane:
Ledig stilling: Produksjonsleiar
Er du den drivande dyktige produksjonsleiaren med mekanisk bakgrunn som vil vere med og skape på...
Om Østerbø Solutions
Østerbø Solutions har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Etter at vi fusjonerte med Meland Elektro har vi eit stort fagmiljø på elektro med avdelingar på Frekhaug, Østerbø, Mongstad og Sløvåg. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Solutions tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!