Elektrikar på jakt etter nye utfordringar? Vi satsar vidare på elektroinstallasjon og treng ein elektrikar til Østerbø Maskin AS.

I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti de verkeleg unike og spesielle prosjekta. Vi er stolte av det vi gjer og det vi får til! Vi satsar på elektroinstallasjon framover og skal vekse både på Østerbø og i Meland. Som elektromontør hos oss får du vere med på denne reisa med interessante arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø med driv i.

Arbeidsoppgåver

  • Installasjon og vedlikehald av elektroinstallasjonar: industri, havbruk, maritimt, olje og gass, bustad, landbruk osv.
  • Elektrifisering av oppdrettsnæringa
  • Alarm- og sikkerheitsanlegg
  • Automasjon
  • Strømaggregat
  • Service og feilsøking
  • Skreddarsaum av litande løysingar

Bakgrunn og erfaring

  • Fagbrev elektromontør gr L eller H
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel men ikkje krav
  • Førarkort kl B

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.
  • Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Velkommen som søkar til interessant elektrostilling i bedrift i vekst og område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Fredrik Knutssøn

Fredrik Knutssøn

Leiar elektro og installatør

Kontakt meg om: Elektroinstallasjon

pinØsterbø

telefon400 89 399

e-postfredrik@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no. På grunn av Covid-19 utset vi søknadsfristen litt. Men har du søknad og CV klar så send den til oss i dag.

Om oss

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan straumaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Som del av satsing på elektro og automasjon kjøpte vi i 2019 opp Meland Elektro AS med 18 tilsette.