Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi nye tilsette

Er du vår nye drivande dyktige industrielektrikar eller automatikar?
Du er sjølvstendig, ansvarsfull og har eit sterkt ønske om å vere med å utvikle satsinga vår i regionen.

Som montør vil du ha oppdrag hos kundar innan industri, bygg og maritime installasjonar. Vi jobbar og målretta med energieffektivisering hos kundane våre.

Ein allsidig kvardag med kvalitet i fokus.

Arbeidsoppgåver

  • Utføring av elektro-/automasjoninstallasjonar hos industri- og servicekundar.
  • Sikre at arbeid blir gjennomført på eit høgt fagleg nivå, til rett pris og rett tid.
  • Sikre at bedrifta tilpassar seg endringar i marknaden og utviklar seg i tråd med marknadspotensialet.
  • Merkevarebygging og sal

Bakgrunn og kompetanse

  • Fagbrev som elektrikar eller automatikar
  • Minimum 3 års relevant erfaring etter fagprøve.
  • Gjerne erfaring frå industri, bygg eller marine installasjonar.
  • Førarkort kl B.
  • God skriftleg og munnleg norsk og engelsk.

Vi tilbyr

  • Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
  • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Oppmøtestad avd. Frekhaug

Kontakt oss

fast 100% stilling
Søknadsfrist: fortløpande

Remi Marøy

Remi Marøy

Plassjef

Telefon +47 465 44 676

E-post remi@osterbo.no

Richard Cornell

Richard Cornell

Administrerande direktør/CEO

Telefon +47 95 23 16 52

E-post richard@osterbo.no

Om Østerbø Maskin

Østerbø Maskin har over 40 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.

Bedrifta har i dag omlag 53 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.

Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!