Er du den drivande dyktige elektroformannen som vil vere med og skape på Østerbø?

Vi er på jakt etter ein elektroformann som skal vere operativt ansvarleg for elektroavdelinga med fordeling av oppdrag og gjennomføring av prosjekt til gitt tid. Du rapporterer til Installatøren vår som har det overordna ansvaret for alt elektroarbeid.

Du synst ”Litande løysing” er eit slagord du kan tenke deg å levere på og har trua på å sjå løysingar der andre ser problem.

  • Du er heilt sjef når det gjeld oversikt og struktur på ditt fagfelt.
  • Du skal prate med kundar, fordele oppgåver og ha kontroll på framdrift, samt så klart utføre elektroarbeid.
  • Du blir del av eit sterkt fleirfagleg miljø der det alltid er nokre spennande prosjekt på gang.

På Østerbø har vi trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling, glimt i auga og høve til å påverke eigen arbeidskvardag. Arbeidsstaden din blir Østerbø, men noko reising må reknast med.

Har du fagbrev og erfaring som elektromontør eller liknande så er nok dette jobben du har venta på. Og vi, vi ventar i spenning på akkurat din søknad!

Meir info og søknad

Kontakt Åge Østerbø: 48 16 17 26 for meir informasjon om jobben.
Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no

Søknadsfrist: 15. august

Visste du at…

… vi var hovudentreprenør på utbygginga av Noreg største landbaserte kveiteoppdrett?
… at straumaggregata våre tryggar nyfødde kuvøsebabyar på sjukehus rundt i Noreg ved straumstans?
… vi har som oftast eit produktutviklingsprosjekt på gang?

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i eit levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter i nærleiken. Bedrifta jobbar i dag med bl.a. elektromekanisk industri, elektroinstallasjon, sal av strømaggregat og utstyr til havbruk. No treng vi ein ny elektrobas som vil vere med og utvikle bedrifta vidare. Velkommen med på laget! 

Høyanger Sørside er ein flott stad å bu og jobbe. No er det ei stor kraftutbygging på gang rett utanfor verkstaddøra vår, så her ligg moglegheitene klare. I Bjordal er det god og moderne skule og barnehage, samt at her er jobbmoglegheiter i både andre bedrifter og i kommunal regi om du har ein familie å ta med hit.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og leiing
  • Installasjon og vedlikehald av elektroinstallasjonar
  • Produktleveransar og serviceoppdrag
  • Ivareta og skape nye kunderelasjonar
  • Inngår i kommande vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Du har fagbrev som elektromontør gr L og førarkort for bil
  • Ynskjeleg med relevant fagskuleutdanning, men ikkje krav
  • Du har erfaring frå liknande arbeid
  • Du har erfaring med bruk av teikneprogram og dokumentasjonsverkty
  • Du likar å jobbe sjølvstendig, og ser løysinga på utfordringane du møter
  • Du må beherske norsk og engelsk som arbeidsspråk

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling
  • Konkurransedyktig løn
  • Servicebil
  • Spennande og utfordrande oppgåver i store og små prosjekt
  • Godt arbeidsmiljø
  • Sterkt fleirfagleg miljø