Elektroingeniør på jakt etter nye utfordringar? Vi satsar vidare på elektroinstallasjon og treng ein elektroingeniør med på laget.

I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti de verkeleg unike og spesielle prosjekta. Vi er stolte av det vi gjer og det vi får til! Vi satsar på elektro og automasjon framover og skal vekse både på Østerbø, Sløvåg og i Meland. Som elektroingeniør hos oss får du vere med på denne reisa med interessante arbeidsoppgåver og et arbeidsmiljø med driv i.

Arbeidsoppgåver

  • Konseptutvikling, prosjektering, tilbod, prosjektleiing, teikning, kundekontakt og konsultasjon
  • Elektrifisering av oppdrettsnæringa, produktutvikling
  • Alarm- og sikkerheitsanlegg
  • Automasjon, PLS, programmering C+ ol.
  • Strømaggregat og UPS
  • Service og feilsøking
  • Skreddarsaum av litande løysingar

Bakgrunn og erfaring

  • Teknisk fagskole eller Bachelor Ingeniør innan elektro, automasjon eller anna relevante fag
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel men ikkje krav
  • Fordel med kunnskap om Febdok, PC|Schematic og Autocad
  • Klar til å levere litande løysingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta gode val
  • Ønske om å skape og utvikle
  • Økonomisk forståing
  • Førarkort kl B

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn. Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Arbeidsstad Sløvåg eller Østerbø, noko reising må påreknast.

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Fredrik Knutssøn

Fredrik Knutssøn

Leiar elektro og installatør

Kontakt meg om: Elektroinstallasjon

pinØsterbø

telefon400 89 399

e-postfredrik@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no. innan 30. november 

Om oss

Østerbø Maskin er ein del av Østerbø Gruppa AS. Ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, elektrotenester, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Vi samarbeider tett med søsterselskapet vårt Meland Elektro og satsar vidare saman. Velkommen med på laget!