Er du den nye drivande dyktige installatøren vår?
Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi autorisert installatør til avdelinga vår på Meland.
Østerbø Maskin AS satsar på elektro og automasjon og treng deg som installatør med på laget for å bygge opp og vidareutvikle elektroavdelinga vår. Vi har opparbeida oss ein solid posisjon i marknaden og rigga oss for vidare vekst. No er vi på jakt etter deg som har vilje og pågangsmot til å bidra til reisa vidare og skape litande løysingar.
Arbeidsoppgåver
- Du blir overordna fagleg ansvarleg for elektroinstallasjonar på Meland og vil samarbeide med dei to andre installatørane i bedrifta
- Ein spennande og utfordrande kvardag der du skal ha oversikt på elektrikarane, forme framtida til lærlingar og dele kunnskap med andre tilsette.
- Du synst ”Litande løysing” er eit slagord du kan tenke deg å levere på og har trua på å sjå løysingar der andre ser problem.
- Utføre berekningar, kalkulasjonar og ha kjennskap til program som Febdok, PC|Schematic og Autocad.
- Fint om du er heilt sjef når det gjeld oversikt og struktur på ditt fagfelt. Alltid oppdatert på nyaste lover, forskrifter og normer.
- Du pratar med kundar, reknar på tilbod og bistår i den daglege drifta på kontoret


Bakgrunn og kompetanse
- Du er autorisert elektroinstallatør
- Erfaring frå liknande arbeid
- Førarkort kl B.
- God skriftleg og munnleg norsk og engelsk.
- Erfaring frå Ex installasjonar er ein fordel, men ikkje et krav.
Vi tilbyr
- Trygg jobb i ei solid bedrift i vekst. Du blir del av eit sterkt fleirfagleg miljø
- Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
- Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Fast 100% stilling
- Oppmøtestad avd. Meland

Kontakt oss
Søknadsfrist: 10. august

Fredrik Knutssøn
Leiar elektro og installatør
Kanskje er du også interessert i desse jobbane:
Ledig stilling: elektrikar/automatikar – Sløvåg
Grunna auka oppdragsmengde søkjer vi 3 nye tilsette til arbeid i Sløvåg Er du vår nye drivande...
Ledig stilling: elektrikar/automatikar – Meland
Er du vår nye drivande dyktige elektrikar eller automatikar klar for nye utfordringar? Grunna auka...
Ledig stilling: Produksjonsleiar
Er du den drivande dyktige produksjonsleiaren med mekanisk bakgrunn som vil vere med og skape på...
Om Østerbø Maskin
Østerbø Maskin har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Etter at vi fusjonerte med Meland Elektro har vi eit stort fagmiljø på elektro med avdelingar på Frekhaug, Østerbø og Sløvåg. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!