​Som ansvarleg for kantine og reinhald er det du som skaper den vidgjetne lunsjen på Østerbø. Samt utfører reinhald både i kontorlokale og på verkstad.

Medarbeidaren vår skal ut i permisjon og vi har ledig vikariat juni-februar.

Arbeidsoppgåver

  • Kantinedrift:
    • Lage lunsj
    • Syte for innkjøp
    • Orden og ansvar for kantina
  • Reinhald av kontor, verkstad og overnattingsrigg

Bakgrunn og erfaring

  • Serviceinnstilt med glimt i auga
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid

Vi tilbyr

  • 50% stilling
  • Vikariat juni 2020 – februar 2021
  • Konkurransedyktig løn
  • Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling

Velkommen som søkjar til ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Linda Oppedal

Linda Oppedal

Økonomi- og personalsjef

Kontakt meg om: faktura, ledige stillingar

pinØsterbø

telefon48 16 17 03

e-postlinda@osterbo.no

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 15.mars 2020

Om oss

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan straumaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Som del av satsing på elektro og automasjon kjøpte vi i 2019 opp Meland Elektro AS med 18 tilsette.