Vil du bli med oss og gi Noreg litande reservekraft?

No har du mulegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft.

Aggregatavdelinga vert styrt og leia frå Sløvåg og består i dag av 12 tilsette, 10 i Sløvåg og 2 på Østerbø.

Vi søkjer ein serviceinnstilt og ansvarleg lærling til aggregatteamet i Sløvåg.

Som lærling hos oss får du:

Ein lærlingeplass der ingen dager er like, du får reist mykje og får oppleve og delta i eit veldig tverrfagleg team. Du vil bli ein del av det reisande teamet.

Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 160 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 40 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2021 omsette vi for over 60 mill. NOK. Aggregatteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service. Østerbø Maskin leverer strømaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.

Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom installasjon, serviceoppdrag og arbeid på verkstad. Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og jaktar ein lærling som søker utfordringar og er lærenem. Du likar reise, jobbe lengre dagar og ha avspasseringsordning.

Du vil delta i montasje, service, reperasjon og prefabrikering. Arbeidet består av platearbeid, sveis, rørlegging til eksos og diesel, ventilasjon og tynnplatearbeid. Det er motorarbeid som ordinært vedlikehald, reperasjon, skifte av motordelar og generator. Det er verkstadarbeid med dreiing og maskinering, platesakser, plateknekker og andre verkstadmaskiner. Du vil jobbe med motor- og generator-kontroller/styring, både programmering og feilsøking.

«Litande løysing» er slagordet vårt. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Servicebilar og tilsette
Reservekraft aggregat

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg allsidig og variert arbeid med trygg veg til fagbrev.

  • Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast
  • Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
  • Tilpassa reise- og friordning
  • Lærlingeordning gjennom PRO Vestland
  • Ein trygg arbeidsplass
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
  • Varierte arbeidsoppgåver med store og små aggregatleveransar i ulike marknadar

Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Du strekker deg etter«Litande løysingar», arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og har god orden og punktlegheit.
  • Du har bestått VG1 og VG2 industrifag
  • Fordel med førarkort (gjerne kl BE)
  • Du beherskar norsk flytande, skriftleg og muntleg. Det er eit pluss om ein beherskar engelsk i tillegg.
Sommarjobb

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Kontakt meg om: Strømaggregat

pinSløvåg

telefon48 16 17 08

e-postmagne@osterbo.no

 

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 1. juni 2022
Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.

Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin har over 40 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon.

Bedrifta har i dag omlag 35 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar.

Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget! 

Vi er ein del av Østerbø Gruppa.

Her kan du sjå korleis kvardagen i aggregatteamet kan vere:

Jostein Birkeland

Tett på: Jostein Birkeland

Pawel Ziolkowski

Tett på: Pawel Ziolkowski

Jetmund Høsteland

Tett på: Jetmund Høsteland