Vil du bli med oss og gi Noreg litande reservekraft?
No har du moglegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar av reservekraft og sikker strømforsyning.
Vi søkjer ein serviceinnstilt og ansvarleg lærling til reservekraftteamet vårt i Sløvåg. Østerbø Solutions har 65 tilsette, herav 13 i aggregatavdelinga og 6 lærlingar, og omset for ca 160 MNOK i året. Visjonen vår er å vere leiande leverandør av sikker strømforsyning og smarte løysingar til havbruk, industri og det offentlege.
Som lærling hos oss får du:
Ein lærlingplass der ingen dagar er like, du får reist mykje og delta i eit tverrfagleg team. Du vil bli ein del av det reisande teamet som jobbar med installasjon og sørvis med stor Ø.
Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 350 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 50 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2023 omsette vi for over 80 mill. NOK. Reservekraftteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service og ettermarknad. Østerbø Solutions leverer strømaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.
Arbeidet ditt er variert og vil fordele seg mellom installasjon, serviceoppdrag og arbeid på verkstad. Du vil delta i montasje, service, reparasjon og prefabrikkering. Arbeidet består av platearbeid, sveis, røyrlegging til eksos og diesel, ventilasjon og tynnplatearbeid. Det er motorarbeid som ordinært vedlikehald, reparasjon, skifte av motordeler og generator. Det er verkstadarbeid med dreiing og maskinering, platesakser, plateknekker og andre verkstadmaskiner. Du vil jobbe med motor- og generator-kontroller/styring, både programmering og feilsøking.
«Litande løysing» er slagordet vårt. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.
Kvalifikasjonar
- Du strekker deg etter «Litande løysingar», arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og har god orden og punktlegheit.
- Du har bestått VG1 og VG2 industriteknologi
- Fordel med førarkort (kl B)
- Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om ein beherskar engelsk i tillegg.
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg allsidig og variert arbeid med trygg veg til fagbrev.
- Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast
- Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
- Tilpassa reise- og friordning
- Lærlingordning gjennom PRO Vestland
- Ein trygg arbeidsplass
- Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
- Varierte arbeidsoppgåver med store og små aggregatleveransar i ulike marknadar
Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.
Kontakt oss
Søknadsfrist: Snarast, søknader blir vurdert fortløpande
Om Østerbø Solutions
Østerbø Solutions har over 45 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av reservekraft til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa, elektroinstallasjon og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette, inkludert 6 lærlingar, med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Etter at vi fusjonerte med Meland Elektro har vi avdelingar på Frekhaug, Mongstad, Østerbø og Sløvåg. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Vi skal vere ein leiande leverandør av sikker strømforsyning og smarte løysingar til havbruk, industri og det offentlege. Østerbø Solutions tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!
Kanskje er du også interessert i desse jobbane:
Ledig stilling: elektrikar/automatikar – onshore/offshore
Er du vår nye drivande dyktige elektrikar eller automatikar klar for nye utfordringar? Grunna auka...
Ledig stilling: Produksjonsleiar
Er du den drivande dyktige produksjonsleiaren med mekanisk bakgrunn som vil vere med og skape på...