Østerbø Maskin AS, avdeling Sløvåg
Vil du bli ein del av dette teamet i Sløvåg? No har du moglegheit til å bli med på laget til ein av landets største og fremste leverandørar på nødstrøm og reservekraft.
Arbeidsoppgåver
Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 140 aktive serviceavtalar. Vi utfører 30- 40 montasjar av reservekraftinstallasjonar årleg. Aggregatteamet er tverrfagleg og følger kundane heile vegen frå sal via montering og installasjon til service. Du skal hovudsakleg vere ein av våre menn/kvinner som tek ansvar for å få god flyt på dele- og varelager, og bidreg til at Østerbø er best på vedlikehalds- og reservedelar, samt service og support.
- Ansvarleg for lager og verkstad i Sløvåg
- Bygge opp og drifte delelager for strømaggregat i Sløvåg
- Ivareta logistikk rundt delar og varebehov
- Oppfølging og tilrettelegging av delar og varer til montasjeprosjekt og service- og reparasjonsoppdrag, assistere prosjektleiar
- Ordremottak og sal av delar og service til strømaggregat.
- Du bistår med prefabrikkering av mekaniske delar som eksosanlegg og ventilasjon o.l.
- Du gir generell support på strømaggregat
- Du deltek i montasje og service ved behov
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.
- Oppmøteplass Sløvåg, noko reiseverksemd må påreknast
- Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
- Intern opplæring
- Trygg arbeidsplass
- Godt arbeidsmiljø
Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling. Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning.
Kvalifikasjonar
Du har sansen for «Litande løysingar», arbeider sjølvstendig, er nøyaktig og god på orden og struktur.
- Du har erfaring frå liknande arbeid
- God kjennskap til Microsoft Office, samt erfaring frå bruk av IT-verktøy for produksjon/lagerhald/rekneskap er ein fordel.
- Fordel med utdanning innan mekaniske fag/sveis (mangeårig relevant praksis kan vege opp for manglande utdanning)
- Automatikarar, elektromontørar og industrirørleggarar med kompetanse på mekanisk/sveis blir og vurderte
- Førarkort kl BE
- Flytande norsk, skriftleg og munnleg. God engelsk både skriftleg og munnleg
Meir informasjon og søknad
For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Her kan du sjå korleis kvardagen i aggregatteamet kan vere:

Tett på: Jostein Birkeland

Tett på: Pawel Ziolkowski

Tett på: Jetmund Høsteland
Om oss
Østerbø Maskin er ein del av Østerbø Gruppa AS. Ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, elektrotenester, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Vi samarbeider tett med søsterselskapet vårt Meland Elektro og satsar vidare saman. Velkommen med på laget!