Vil du bli med oss og gi Noreg litande reservekraft?

No har du mulegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft.

Aggregatavdelinga vert leia frå Sløvåg og består i dag av 11 tilsette, 9 i Sløvåg og 2 på Østerbø. På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereserver søkjer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til aggregatteamet i Sløvåg.

Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 160 aktive serviceavtaler. Årleg utfører vi 30-40 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og vil i 2021 omsette for rundt 60 mill. NOK. Aggregatteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service. Østerbø Maskin leverer strømaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.

Arbeidsoppgåver

Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg som treng servicedeler. Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom ordremottak av servicedelar, reperasjonsdelar og aktivt sal av «servicepakkar» til nye og eksisterande kundar. Samt varemottak, plukking og pakking av deleforsendingar. Vi søker no ein medarbeidar til det nyetablerte delelageret vårt i Sløvåg som liker ein travel kvardag og ynskjer å skape vekst.

Arbeidsoppgåver vil vere:

  • Drifte nyetablert delelager for strømaggregat i Sløvåg
  • Ivareta logistikk rundt delar og varebehov
  • Oppfølging og tilrettelegging av delar og varer til montasjeprosjekt og service- og reparasjonsoppdrag, assistere prosjektleiar
  • Ordremottak og sal av delar og service til strømaggregat.
  • Innkjøp av varer til delelager
  • Du gir generell support på strømaggregat

«Litande løysing» er slagordet vårt. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.

  • Oppmøteplass Sløvåg
  • God opplæring
  • Ein trygg arbeidsplass
  • Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt med rom for personleg og fagleg utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver med store og små aggregatleveransar i ulike marknadar

Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning.

Servicedeler Himoinsa strømaggregat

Kvalifikasjonar

  • Du strekker deg etter«Litande løysingar». Arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og har god orden og punktlegheit
  • Du har erfaring frå liknande arbeid
  • Det er ein fordel om du har fagbrev i logistikk
  • Har meget god orden, ryddighet og nøyaktighet i arbeidet.
  • God kjennskap til Microsoft programvare som Excel/Word/PowerPoint samt erfaring frå bruk av IT-verktøy for produksjon/lagerhald/rekneskap er ein fordel.
  • Det er fordel med god kjennskap til dieselmotor, strømgenerator og mekaniske produkt generelt.
  • Førarkort kl BE
  • Du beherskar norsk og engelsk flytande, skriftleg og munnleg.

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Kontakt meg om: Strømaggregat

pinSløvåg

telefon48 16 17 08

e-postmagne@osterbo.no

 

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 15. november 2021
Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.

Her kan du sjå korleis kvardagen i aggregatteamet kan vere:

Jostein Birkeland

Tett på: Jostein Birkeland

Pawel Ziolkowski

Tett på: Pawel Ziolkowski

Jetmund Høsteland

Tett på: Jetmund Høsteland

Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin har over 40 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon.

Bedrifta har i dag omlag 35 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi er ein del av Østerbø Gruppa.

Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!