Vi søker ein sjølvstendig og ansvarsfull industrimekanikar til verkstaden på Østerbø som skal ta del i bygging av produkt, samt utføre vedlikehald og service.

Som mekanikar hos oss får du vere med og bygge utviklingsprosjekt– frå prototype til ferdig produkt. Du utfører mekanisk service og produktvedlikehald både på verkstad og hos kunde. Du reiser ut på monterings- og serviceoppdrag. På verkstaden jobbar du både sjølvstendig og som del av eit team med sveisarar, montørar, ingeniørar og elektromontørar. Vi jobbar kvar dag med å levere litande løysingar til kundane.

Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn. Hos Østerbø har vi trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

  • Du har erfaring frå liknande arbeid
  • Fagbrev innan mekaniske fag
  • Førarkort kl B
  • Flytande norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Mangeårig relevant praksis kan vege opp for manglande utdanning.

Velkommen som søkjar til mekanisk stilling i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.

Meir info og søknad

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Velkommen med på laget!