Vil du bli med oss og gi Noreg litande reservekraft?
No har du mulegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft.
Aggregatavdelinga vert styrt og leia frå Sløvåg og består i dag av 12 tilsette, 10 i Sløvåg og 2 på Østerbø.
På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til aggregatteamet i Sløvåg.
Arbeidsoppgåver
Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 160 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 40 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2021 omsette vi for over 60 mill. NOK. Aggregatteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service. Østerbø Maskin leverer strømaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.
Arbeidet er variert og vil i hovedsak bestå av teknisk teikning, planlegging, kalkulering, tilrettelegging og prosjektleiing. Også I felt.
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Teknisk tegning, mekanisk og elektro
- Planlegging og gjennomføring av prosjekt
- Dokumentasjon og FDV
- Kundebehandling – kalkyle, tilbud og ordrer
- Generell support på strømaggregat
- Kvalitetssikring av leveransen – litande løysingar
«Litande løysing» er slagordet vårt. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.

Vi tilbyr
Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.
- Oppmøteplass Sløvåg, litt reiseverksemd må påreknast
- Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
- Intern opplæring
- Ein trygg arbeidsplass
- Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
- Varierte arbeidsoppgåver med store og små aggregatleveransar i ulike marknadar
Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.
Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning.


Kvalifikasjonar
- Ynskeleg fagleg kompetanse:
- Teknisk teikning: AutoCad, Eplan, BIM osv.
- Utdanning innan mekaniske fag med kompetanse innan automasjon eller elektro
- Gjerne tverrfagleg høgare utdanning, Mekatronikk eller liknande
- Tverrfagleg kompetanse er å føretrekke. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Du strekker deg etter«Litande løysingar», arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og har god orden og punktlegheit.
- Du har erfaring frå liknande arbeid
- Førarkort kl BE
Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om du beherskar engelsk i tillegg.
Meir informasjon og søknad
For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 1. april 2022
Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.
Østerbø Maskin AS
Østerbø Maskin har over 40 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 35 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!
Vi er ein del av Østerbø Gruppa.
Her kan du sjå korleis kvardagen i aggregatteamet kan vere:

Tett på: Jostein Birkeland

Tett på: Pawel Ziolkowski
