Vil du bli med oss og gi Noreg litande reservekraft?
No har du mulegheita til å bli med på laget til ein av Noregs største og fremste leverandørar på nødstraum og reservekraft.
Aggregatavdelinga vert styrt og leia frå Sløvåg og består i dag av 12 tilsette, 10 i Sløvåg og 2 på Østerbø.
På grunn av aukande oppdragsmengde og store ordrereservar søkjer vi ein serviceinnstilt og ansvarleg person til aggregatteamet i Sløvåg.
Arbeidsoppgåver
Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 160 aktive serviceavtalar. Årleg utfører vi 40 montasjar av reservekraftinstallasjonar, og i 2021 omsette vi for over 60 mill. NOK. Aggregatteamet er tverrfagleg og følgjer kundane heile vegen frå sal via prosjektering, montering og installasjon til service. Østerbø Maskin leverer strømaggregat i størrelse 6 – 2000 kilowatt.
Arbeidet er variert og vil fordele seg mellom installasjon og serviceoppdrag. Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og jaktar ein serviceteknikar med høg tverrfagleg kompetanse for å vere vår tekniske kompetanse i felt.
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Igangkøyring, programmering og overlevering av reservekraftanlegg
- Utrykking på reparasjonar, feilsøking og feilretting
- Planlagde servicejobbar
- Generell support på strømaggregat
- Kvalitetssikring av leveransen – litande løysingar
- Montering, installasjon og oppstart av reservekraftanlegg rundt i heile Noreg
- Prefabrikkering av mekaniske delar som eksosanlegg og ventilasjon på verkstaden vår i Sløvåg
«Litande løysing» er slagordet vårt. Dette jobbar vi kvar dag med å oppnå i det vi gjer og ligg til grunn for alt arbeid vi utfører.
Vi tilbyr
Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.
- Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast
- Gode reise-, kost- og losjiordningar ved reiseoppdrag
- Tilpassa reise- og friordning
- Intern opplæring
- Ein trygg arbeidsplass
- Eit godt arbeidsmiljø, fagleg og sosialt
- Varierte arbeidsoppgåver med store og små aggregatleveransar i ulike marknadar
Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.
Stillinga inngår i mogleg kommande vaktordning.

Kvalifikasjonar
- Du strekker deg etter«Litande løysingar». Arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og har god orden og punktlegheit
- Du har erfaring frå liknande arbeid
- Ønskeleg fagleg kompetanse:
- Tverrfagleg høgare utdanning: Mekatronikk eller liknande
- Utdanning innan mekaniske fag med kompetanse innan automasjon eller elektro
- Automatikarar, elektromontørar med kompetanse på mekanisk/sveis
- Tverrfagleg kompetanse er å føretrekke. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Førarkort kl BE
- Du beherskar norsk flytande, skriftleg og munnleg. Det er eit pluss om du beherskar engelsk i tillegg.
Meir informasjon og søknad
For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 1. april 2022
Søkjarar vil bli vurdert fortløpande.
Her kan du sjå korleis kvardagen i aggregatteamet kan vere:

Tett på: Jostein Birkeland

Tett på: Pawel Ziolkowski

Tett på: Jetmund Høsteland
Østerbø Maskin AS
Østerbø Maskin har over 40 års erfaring frå blant anna nasjonale leveransar av reservekraft, og er i dag ein av landets største leverandørar av nødstrømsaggregat til bl.a. sjukehus, havbruk og industri. Vi er stolte over å kunne levere litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon.
Bedrifta har i dag omlag 35 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar.
Har du lyst til å jobbe i eit framoverlent og spennande selskap? Østerbø Maskin tilbyr ein god og trygg arbeidsplass. Velkommen med på laget!
Vi er ein del av Østerbø Gruppa.