For å bygge vidare på satsinga vår på prosjektering og konstruksjon søker vi no ein drivande dyktig teknisk teiknar. Du skal jobbe med den tekniske delen av litande løysingar i prosjektleveransar til kundane våre.
I Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt tverrfagleg elektromekanisk fagmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte. Vi jobbar tett med faste kundar og ønsket vårt er å tilpasse produktet i lag med dei. Vi skreddarsyr litande løysningar, så hos oss kan du komme borti dei verkeleg unike og spesielle prosjekta.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektering av blant anna mekaniske løysingar og prosjekt retta mot sjø og landbasert oppdrettsnæring
- Kvalitetssikring og dokumentasjon
- Styrkeberekning av konstruksjonar
- Optimalisere tekniske løysingar for kunde
- Beskrive bygge- og installasjonsmetodar for montørane våre
- Delta på oppfølging av prosjekt frå start til ferdigstilling
- Oppfølging av eksisterande og nye kundar
Kvalifikasjonar
- Teknisk fagskule eller Ingeniør innan relevante fag, erfaring kan vege opp for manglande utdanning
- Bakgrunn frå teknisk teikning eller tilsvarande arbeidsoppgåver
- Du er datakyndig og beherskar å jobbe i fleire program samtidig
- Det er ønskeleg at du har god kjennskap til Inventor og SketchUp
- Du har erfaring som gjer det mogleg for deg å sjå gode litande løysingar
- Minimum Førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert og opptatt av gode system, kjennskap til LEAN ein fordel
- Du er kreativ og god på utvikling og gjennomføring av større og mindre prosjekt
- Du er fagleg initiativrik og ansvarsbevisst
- Nysgjerrig på ny teknologi innan VR og skanning
- Du har god samarbeidsevne, men evner og å arbeide sjølvstendig
- Du er positiv og pålitelig
- Du har gode kommunikasjonsevner i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg

Bli med på laget som stadig jaktar betre måtar å løyse utfordringar på
Vi tilbyr
- 100% fast stilling
- konkurransedyktig løn
- Arbeidsstad Østerbø eller Sløvåg, men noko reising må påreknast.
Hos Østerbø har vi trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
Velkommen som søkjar til stilling i ei solid bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida.
Meir informasjon og søknad
For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Steinar Holen
Leiar produkt og produksjon
Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no. innan 15. januar
Om oss
Østerbø Maskin er ein del av Østerbø Gruppa AS. Ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Velkommen med på laget!