Er du den drivande dyktige verkstadformannen med mekanisk bakgrunn som vil vere med og skape på Østerbø?

Du skal vere ansvarleg for produksjon og personell på verkstaden vår. Ei viktig leiarrolle i ei solid bedrift i vekst.

Ein hektisk, spennande, utfordrande og til tider sveitt kvardag der du må ha kontroll på fleire ballar i lufta samstundes. Du har ansvar for at leveranser er klar til rett tid og koordinere tidsbruk og arbeidsoppgåver for verkstadmedarbeidarane våre. Følge opp lærlingar innan tilhøyrande fagområde. Du tek i eit tak der det trengs og er ikkje vere redd for å bli skiten på nevane.

Du synst ”Litande løysing” er eit slagord du kan tenke deg å levere på og har trua på å sjå løysingar der andre ser problem.

  • Du er heilt sjef når det gjeld oversikt og struktur på ditt fagfelt.
  • Du skal prate med kundar, rekne på tilbod og syte for etterkalkyle og kundeoppfølging.
  • Du har gode datakunnskapar og det er positivt om du har kjennskap til teknisk teikning.
  • Du blir del av eit sterkt fleirfagleg miljø der det alltid er nokre spennande prosjekt på gang.

På Østerbø har vi trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling, glimt i auga og høve til å påverke eigen arbeidskvardag. Arbeidsstaden din blir Østerbø, men noko reising må reknast med.

Har du relevant utdanning og erfaring frå mekanisk og/eller sveis så er nok dette jobben du har venta på. Og vi, vi ventar i spenning på akkurat din søknad.

Meir info og søknad

Kontakt Steinar Holen: 48 16 17 23 for meir informasjon om jobben.

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no

Søknadsfrist: 6. april

Visste du at…

… vi var hovudentreprenør på utbygginga av Noreg største landbaserte kveiteoppdrett?
… at straumaggregata våre tryggar nyfødde kuvøsebabyar på sjukehus rundt i Noreg ved straumstans?
… vi har som oftast eit produktutviklingsprosjekt på gang?

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i eit levande lokalmiljø med andre spennande bedrifter som naboar. Bedrifta jobbar i dag med bl.a. elektromekanisk industri, elektroinstallasjon, sal av strømaggregat og utstyr til havbruk. No treng vi ein ny verkstadformann som vil vere med og utvikle bedrifta vidare. Velkommen med på laget! 

Høyanger Sørside er ein flott stad å bu og jobbe. No er det ei stor kraftutbygging på gang rett utanfor verkstaddøra vår, så her ligg moglegheitene klare. I Bjordal er det god og moderne skule og barnehage, samt at her er jobbmoglegheiter i både andre bedrifter og i kommunal regi om du har ein familie å ta med hit.