Elektromontør på jakt etter nye utfordringar? Vi satsar vidare på elektroinstallasjon og treng ein elektromontør til Meland Elektro AS og ein til Østerbø Maskin AS.

Etter å ha funne saman no i haust jobbar Meland Elektro og Østerbø stadig tettare saman og ser fram til å bygge eit godt fagmiljø på elektroinstallasjon og automasjon. På Østerbø jobbar vi mykje mot havbruk og industri og har eit sterkt fleirfagleg miljø innan det elektromekaniske feltet. I Meland er det eit spesialisert elektro-miljø med mykje arbeid på privatmarknaden både nybygg og eksisterande samt industri. Vi satsar på elektroinstallasjon framover og skal vekse både på Østerbø og i Meland. Som elektromontør hos oss får du vere med på denne reisa med interessante arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø med driv i.

 

Arbeidsoppgåver

  • Installasjon og vedlikehald av elektroinstallasjonar
  • Produktleveransar og serviceoppdrag
  • Oppfølging av kundar

Bakgrunn og erfaring

  • Fagbrev elektromontør gr L
  • Erfaring frå liknande arbeid
  • Førarkort kl B
  • Flytande norsk

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.
  • Vi har trua på eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling.

Velkommen som søkar til interessante elektrostillingar i bedrifter i vekst og områder der det skjer mykje spennande for tida.

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillingane kontaktar du:

Meland: John Henanger: 406 48 270

Østerbø: Fredrik Knutssøn: 400 89 399

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 20. januar 2020

Om bedriftene

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan straumaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse. Som del av satsing på elektro og automasjon kjøpte vi i 2019 opp Meland Elektro AS. Meland Elektro ligg sentralt plassert på Mjåtveitflaten ved Frekhaug. Dei har drive med elektroinstallasjon i 40 år, og har 18 tilsette som jobbar med elektroinstallasjon i nybygg, bustader og industri.