Vil du vere med på laget med Vestlandets fremste ekspertar på løysingar for nødstrøm og reservekraft? Som del av satsinga vår på strømaggregat treng vi no montør som skal jobbe med montasje og service i aggregat-teamet.

Aggregat-teamet er tverrfagleg og følger kundane heile vegen frå sal via montering og installasjon til service. Du skal hovudsakleg vere ein av våre menn/kvinner ute hos kunden. Her vil det fordele seg om lag 50/50 på installasjon og serviceoppdrag. Vi har strømaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 100 aktive serviceavtaler.

 

  • Du monterer, installerer og køyrer i gang aggregat rundt i heile Noreg.
  • Du leiar tidvis prosjektog arbeid med installasjon.
  • Kvalitetssikring av leveransen – litande løysingar.
  • Du utfører planlagde servicejobbar og rykker ut på eventuell feilsøking og feilretting. Stillinga kan inngå i kommande vaktordning.
  • Prefabrikkering av mekaniske delar som eksos, ventilasjon osv. på verkstaden vår i Sløvåg.

Bakgrunn og erfaring

  • Du har erfaring frå liknande arbeid
  • Utdanning innan mekaniske fag/sveis
  • Automatikarar, elektromontørar, industrirørleggarar med kompetanse på mekanisk/sveis blir og vurderte.
  • Førarkort kl B
  • Flytande norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr deg 100% fast stilling med konkurransedyktig løn.
  • Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast.
  • Tilpassa reise- og friordning.

Strømaggregat tryggar viktige funksjonar hos kundane våre. Alt frå sjukehus, flyplassar, havbruk og elkraft. Det er viktig for oss at kundane kvar dag skal oppleve litande løysing frå Østerbø og vere trygge.

Meir informasjon og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillinga kontaktar du:

Leiar aggregat: Magne Halland magne@osterbo.no telefon: 94 18 79 31 eller
salsleiar aggregat agentur: Arve Søreide arve@osterbo.no telefon: 48 16 17 24

Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 18.november 2019.

Om Østerbø Maskin AS

Østerbø Maskin er ein god og trygg arbeidsplass i levande lokalmiljø med andre interessante bedrifter som naboar både i Sløvåg og på Østerbø. Vi er leverandør av litande løysingar innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Bedrifta har i dag omlag 30 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, samt 18 tilsette i dotterselskapet Meland Elektro AS. Velkommen med på laget!