Leco Marine i Skottland har nådd ein viktig milepæl: eitt heilt år utan uplanlagde vedlikehaldsstopp på Østerbø Yanmar notvaskaren sin.

Fordel i marknaden

Dette gir dei eit stort konkurransefortrinn i marknaden. – Kundane krev 100 % reine nøter og at jobben blir utført raskt og sikkert. Dei har tillit til at vi kan fullføre notvask i tråd med planane deira med minimal (så langt ingen) nedetid, seier David Skea hos Leco Marine Ltd. Dei opplever og auka interesse frå andre oppdrettarar som ynskjer å høyre meir om Yanmar vaskaren.

“1400 arbeidstimar i røffe forhold utan stopp seier alt”

Driftssikker

Notvasker– Yanmar notvaskeren er etter vår erfaring den notvaskaren som er mest påliteleg. 1400 arbeidstimar i røffe forhold utan stopp seier alt, seier Skea. – Denne driftssikkerheita gir oss rom til å oppfylle kundane våre sine forventningar.

Leco Marine har tatt nokre normale forholdsreglar. – Vi har fulgt Yanmar sin vedlikehaldsplan som er per 500 timer. Etter god og utfyllande opplæring av Østerbø får mannskapet vårt god teknisk forståing av produktet som har hjelpt oss på vegen mot kontinuerleg drift.

Om Leco Marine

– Vi gjer alltid vårt bestå for å oppnå og overgå kundane sine behov og forventningar, og Yanmar notvaskaren har hjelpt oss til å oppnå dette. Målet vårt er å vekse som leverandør til Skotsk havbruk ved å tilby tenester som notvask, dykking og utleige av arbeidsbåt, avsluttar Skea.

Les meir

Kontakt

Kim André Eide: kim@osterbo.no, 994 46 984

Jan Erik Søreide: janerik@osterbo.no, 48161725