Etter nyttår har fire nye fagfolk starta i jobb hos Østerbø Maskin AS. Sei hei til Sindre H. Ånneland, Helene Skjerlie, Jetmund Høsteland og Asle Sletten.

Aggregat-teamet satsar

Sindre og Asle kjem inn som serviceteknikarar i aggregat-teamet vårt og skal jobbe med installasjon og service på aggregat. Dei blir to viktige kollegaer i denne satsinga og skal reise mykje rundt land og strand til kundane våre. Det blir hektiske dagar framover med mange store installasjonar og servicar som skal gjennomførast.

Mekanikar

Jetmund blir vår notvaskarekspert og serviceteknikar. Han skal rett inn å hjelpe med produksjon av pumpeunitar og ferdigstilling av notvaskarar. I tillegg til dette er han mekanikar som og skal vere med og skape nye litande produkt med base på verkstaden på Østerbø.

Auka satsing på HMS

Helene har arbeidsstad på Østerbø og er den du treff når du ringer oss på 48 16 17 18. Ho jobbar med sal og logistikk på delelageret. I tillegg er ho HMS-ansvarleg og sørger for å sette litande løysingar i system.