Populær beitepussar på lager

8. april 2019

Populær beitepussar på lager

Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.

Fornøgde kundar i 10 år

– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.

Ta grep mot attgroing

– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.

Bakke-eksperten

Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.

Kontakt oss for eit godt tilbod

Øyvind Rømo

Øyvind Rømo

Delelageransvarleg Østerbø

Østerbø

M: +47 48 16 17 29

E: oyvind@osterbo.no

Helene Skjerlie

Helene Skjerlie

Lager- og logistikkmedarbeidar

Kontakt meg om: Delar, slåmaskiner

pinØsterbø

telefon48 16 17 36

e-posthelene@osterbo.no 

Delelager

Delelager

Østerbø og Sløvåg

M: +47 48 16 17 18

E: deler@osterbo.no

Landstrøm+reservekraft til semilukka merder

Landstrøm+reservekraft til semilukka merder

Østerbø Maskin er saman med Meland Elektro i full gang med å legge landstrøm til semilukka merder på Osland Havbruk sin lokasjon Sørevik. Sikker straum Som del av ei målretta grøn satsing har Osland investert i fleire semilukka merder. Med slik teknologi er sikker...

les mer
Litande reservekraft til Svalbard Globale frøhvelv

Litande reservekraft til Svalbard Globale frøhvelv

I permafrosten, 1300 km nord for polarsirkelen, ligg verdas største sikkerheitslager for frø. No har dei fått installert litande løysing for reservekraft frå Østerbø. ​ Berre litande løysing er godt nok - Dette er eit heilt spesielt prosjekt. Det er kjekt å vise at vi...

les mer