Populær beitepussar på lager

8. april 2019

Populær beitepussar på lager

Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.

Fornøgde kundar i 10 år

– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.

Ta grep mot attgroing

– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.

Bakke-eksperten

Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.

Kontakt oss for eit godt tilbod

Øyvind Rømo

Øyvind Rømo

Delelageransvarleg Østerbø

Østerbø

M: +47 48 16 17 29

E: oyvind@osterbo.no

Helene Skjerlie

Helene Skjerlie

Lager- og logistikkmedarbeidar

Kontakt meg om: Delar, slåmaskiner

pinØsterbø

telefon48 16 17 36

e-posthelene@osterbo.no 

Delelager

Delelager

Østerbø og Sløvåg

M: +47 48 16 17 18

E: deler@osterbo.no

Østerbø beitepussar på lager

Østerbø beitepussar på lager

Det er travle tider på Østerbø no. Våren er på full gang og med det er startskotet gått for den 11. sesongen med beitepussarbonansa. - Det er trøkk på salet. Dette er ei maskin det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin...

les mer
Safehide + Østerbø

Safehide + Østerbø

Vi skal samarbeide med Gründer Sigve Bø om utvikling, produksjon og sal av rensefiskutstyr. No med fokus på Safehide Safehide for rensefisk Sigve Bø har jobba med gjenfangst av leppefisk og gjennom erfaringar frå dette utvikla Safehide. Denne tek for seg heile...

les mer