Populær beitepussar på lager

8. april 2019

Populær beitepussar på lager

Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.

Fornøgde kundar i 10 år

– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.

Ta grep mot attgroing

– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.

Bakke-eksperten

Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.

Kontakt oss for eit godt tilbod

Øyvind Rømo

Øyvind Rømo

Delelageransvarleg Østerbø

Østerbø

M: +47 48 16 17 29

E: oyvind@osterbo.no

Helene Skjerlie

Helene Skjerlie

Lager- og logistikkmedarbeidar

Kontakt meg om: Delar, slåmaskiner

pinØsterbø

telefon48 16 17 36

e-posthelene@osterbo.no 

Delelager

Delelager

Østerbø og Sløvåg

M: +47 48 16 17 18

E: deler@osterbo.no

Østerbø beitepusser 10 år

Østerbø beitepusser 10 år

Det er travle tider på Østerbø no. Våren er på full gang og med det er startskotet gått for den 10-ande sesongen med beitepussarbonansa. - Det er trøkk på salet. Dette er ei maskin det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø...

les mer
Ni strømaggregat til fórflåtar

Ni strømaggregat til fórflåtar

Østerbø har levert og installert 3x3 Strømaggregat på betongflåtar til havbruk. Leveransen er gjennom Endúr Sjøsterk til Nordlaks. År 2019 Sluttkunde Nordlaks Kapasitet 3x45 kVA, 6x200 kVA Frå venstre: Arve Søreide - salsleiar aggregat Østerbø Maskin AS, Per Bessesen...

les mer
Nødstrøm til datasenter

Nødstrøm til datasenter

Strømaggregat frå Østerbø sikrar straumen til datasenteret Datafjellet AS i Bergen. År 2018 Sluttkunde Datafjellet AS Kapasitet 2x645 kVA 10 år med datasenter i fjellhall Datafjellet leverer sikker infrastruktur og skreddarsydde datarom til kundar som ønskar full...

les mer