Det er travle tider på Østerbø no. Årets leveranse av beitepussarar er komne på tunet, vert sjekka og kvalitetssikra før dei vert sendt ut til kundar i heile landet. – Det er trøkk på salet. Dette er eit produkt det er stor bruk for i landet vårt, seier produktansvarleg Øyvind Rømo hos Østerbø Maskin AS.
Fornøgde kundar i 10 år
– Dette er ei god og stabil maskin som vi har selt i mange år. I år har me faktisk 10-års jubileum for sal av denne og har svært gode erfaringar. Vi får mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre, fortel Rømo. No er lageret fylt opp med 2019-modellen og kan leverast fortløpande til kundar i heile landet.
Ta grep mot attgroing
– Dette er ei maskin som trengs i dagens samfunn med nedlegging av gardsbruk og stadig meir attgroing. Det er fasinerande kva den tygg seg gjennom. Den har Y-knivar som er lett å skifte enkeltvis. Med ei arbeidsbreidde på heile 87 cm er den meir effektiv enn dei fleste andre på marknaden, seier Rømo. Du får mykje maskin for pengane.
Bakke-eksperten
Med tvillingshjul som standard er den stabil i bakkar og kjem til der traktorpussaren må gi tapt. Den knuser busker, kratt, tuer, osv med veldig godt resultat.
Kjøp i nettbutikk eller kontakt Øyvind
Kontakt oss for eit godt tilbod
Helene Skjerlie
Lager- og logistikkmedarbeidar
Ny tilsett
Velkommen med på laget Sindre Hjartholm Ånneland! Sindre skal ha ansvar for lager og logistikk i Sløvågavdelinga vår. Han skal sørge for å sette litande løysingar i system med fokus på ettermarknaden til strømaggregat. Sindre har tidlegare jobba hos oss som...
Havforskningsinstituttet vel Østerbø som leverandør
Foto toppbilete: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet Østerbø Maskin er i gang med å utvikle, produsere og montere tak med luker til ti utandørs oppdrettskar hos Havforskningsinstituttet. Desse blir produsert i aluminium med galvaniserte støttebein. Eksisterande...
Østerbø leverer nødstrømsaggregat til Ålesund sjukehus
– Vi er stolte over å ha sikra oss denne kontrakten. Nødstrøm til sjukehus er noko av det mest prestisjetunge ein kan levere i vår bransje, fortel Magne Halland, leiar for aggregatavdelinga i Østerbø. 4 MW nødstrøm Vi var i konkurranse med dei største aktørane i...