Trygg og smart notvask med Østerbø Yanmar notvaskar
Østerbø Yanmar Notvaskar er ein fjernstyrt undervass-robot for vask av oppdrettsnøter. Stillegående med unik patentert løysing.

Kampanjeprisar
No kan du sikre deg notvaskar til ekstra god pris.

Robust

Røff

Gjerrig

Smart

Trygg

Enkel

Kundane fortel:
Det beste med notvaskaren er at den tåler straum og sjøgang godt slik at vi kan fullføre oppdrag sjølv under krevjande forhold. På grunn av lågt trykk vaskar den og svært skånsomt og beheld barkestoff på not lenger enn konkurrentar. Resultatet på vaskinga er svært bra.
– It comes with rollers on both the front and back and copes well with difficult or slack nets. It cleans very well in troublesome situations and also has a lower fuel consumption than many of the alternative cleaners.

Spar driftskostnader
Bygd på ein enkel, genial og robust teknologi krev Yanmar vaskaren svært lite vedlikehald.
Den leverer marknadens lågaste dieselforbruk med rekordlåge 14-18 liter per time.
Dette gir deg dei lågaste driftskostnadane.

Lite nedetid
Vaskaren har over 60 000 driftstimar i krevjande forhold langs kysten vår.
Vi utviklar og forbetrar notvaskaren stadig i tett dialog med kundane. Dette gir deg ei løysing med unik driftssikkerheit.
Slik får du utført jobben til avtalt tid.

Minst slitasje på not
Dei mjuke, trygge gummibelta gir vaskaren godt grep på nota som og gjer deg rusta til å takle sjølv sterke straumforhold.
Med eit vasketrykk ned til rekordlåge 45 bar vaskar du nota varsamt men grundig rein.

Minst støystress for fisk
Med færrast tal dyser og tre større propell-thrustere som er drivne av vasketrykket, gir vaskaren eit lågt støybilete under vasking.
Dette reduserer påvirkinga på fisken under vasking.

Bra for deg, bra for miljøet
Lågast vasketrykk gir minst utslepp av impregneringsrestar til miljø. I tillegg kan den skilte med det lågaste dieselforbruket på marknaden.
Pumpa er kraftig vibrasjonsdempa og er svært stillegåande. Dette gir gode arbeidsforhold ombord i servicebåten.
Billegast i drift
Driftskostnader pr 1500 timar
Servicedelar (500+1000 timar): kr 65 000,-
Drivstoff pr 1500 timar
Yanmar notvaskar + Østerbø pumpe (16 l/t): kr 240 000,-
Yanmar notvaskar + D300 pumpe (22 l/t): kr 330 000,-
Samanlikning drivstoffkostnad pr 1 500 timar

Les meir om notvask
Sjå video
Hos oss får du komplett løysing for notvask
- Marknadens mest driftssikre notvaskar.
- Pumpeunit og slangetrommel utforma for å optimal drift og transport.
- Opplæringskurs og oppstart med i leveransen.
- Serviceplan, serviceavtale og oppfølging.
Vil du også vaske trygt og smart?
Meir informasjon om Østerbø Yanmar notvaskar
Tekniske spesifikasjonar
Modell | NCL-LX | |
Operasjonsmetode | Manuell med joystick | |
Kropp | Ytre dimensjonar | L1358 x B2287 x H874 mm |
Vekt | 600 kg | |
Maks køyrehastigheit | 21 m/min | |
Vaskekapasitet | 2200 m2/t | |
Maks djupne | 50 m | |
Propell | 450 mm dia x 3 | |
Hjul | Torads gummibelter + 4 vide dekk | |
Motor | DC-motor med reduksjonsgir – 48 VDC | |
Djupnemålar | Trykksensortype x 1 | |
TV-kamera | CCD med supervidvinkellinse x 2 | |
LED-lampe | LED-lampe x 4 (valfritt) | |
Kamerakabel | Vridningsbestandig kabel 100 | |
Straumkabel | Vridningsbestandig kabel 100 | |
Høgtrykksslange | Maks driftstrykk: 20,5, vanleg: 15 MPa | |
60 m (standard) / 100 m (valfritt) | ||
Kontrollpanel | Utvendige dimensjonar | L200 x B500 x H600 mm |

Fordelar Østerbø Yanmar Notvaskar
- Tåler straum og sjøgang godt
- Kjem fram overalt – til og med i slakk not og i toppen
- Lågt drivstofforbruk
- Vask med fisken i merda – lite støystress sikrar fisk som et mens vasking pågår
- Brukar alt vatnet i pumpa til vask – unik patentert teknologi
- God oversikt på tilstand under vatn med to vidvinkelkamera
- Utprøvd, driftssikker teknologi
- Driftssikker – lite vedlikehald

Gode grunnar til å halde nota groefri
- Hindrar spreiing av parasittar
- Gode tilhøve for bruk av leppefisk mot lus
- Mindre bruk av kjemikaliar og medisin
- Betre gjennomstrømming av oksygen
- Friskare fisk
- Raskare vekst
Vil du også vaske trygt og smart?
Kontakt oss i dag

Jan Erik B. Søreide
Salsansvarleg produkt, Marknadssjef/HMS&KS

Robust

Røff

Gjerrig

Smart

Trygg
