Kva skal du sjå etter for å sikre trygg vask av oppdrettsmerdene dine? Nokre stikkord er lågt vasketrykk, få dyser, stor vassmengd og godt utprøvd teknologi. I denne artikkelen dykkar vi inn i dette temaet.
Minst slitasje på not
Slitasje på notimpregnering er hovudsakleg eit resultat av høgt dysetrykk og mange dyser. Østerbø Yanmar vaskaren har eksempelvis berre 6 dyser mens konkurrerande utstyr har opptil 6 gongar så mange. Østerbø nyttar ei stor dyseopning som leverar stor vassmengd per dyse – dette gir deg best vaskeeffekt i tillegg til å vere det mest gunstige og trygge for nota.
Tal dyser på ulike modellar


Vask ofte med godt samvit
Frå Østerbø Yanmar notvaskaren får du eit vasstrykk på rekordlåge 45 bar. Det gir ei varsam men grundig reingjering i not med lett groe. Vaskaren gir deg rom til å reingjere med det lågaste vasketrykket som skal til for å få ho 100 % rein. I ei not med impregnering, er dette eit viktig tiltak for å minimere utslepp til miljøet.
Møter du på tøff groe som sit godt fast, vil dette og bli fjerna på lågt trykk i forhold til andre vaskesystem. Eit vasketrykk på berre rundt 70 – 110 bar og vår dysestørrelse, er det som skal til for å vaske alt reint på ein trygg måte.
Vasketrykk på ulike modellar


Ein ekte arbeidshest
Østerbø Yanmar notvaskarar i drift har høge timetal i merder i både inn- og utland. Totalt kan den vise til omlag 60-70 000 timar med smart vasketid. Dette er ein utprøvd teknologi og viser at vaskaren er ein arbeidshest utan samanlikning.
Grunna den enkle og robuste teknologien er dette marknadens mest robuste vaskar som krev minst vedlikehald. Dei mjuke, trygge gummibelta gir vaskaren godt grep på nota som og gjer deg rusta til å takle sjølv sterke straumforhold.

Slakk not og straum kan gi tøffe forhold under havoverflata.
Minst støystress for fisken
Med færrast tal dyser og tre større thrustere som er drivne av vasstrykket og ikkje straum, gir vaskaren eit lågt støybilete under vasking. Dette vil redusere støystress på fisken under vasking
Bra for deg, bra for miljøet
Lågast vasketrykk gir minst utslepp av impregneringsrestar til miljø. Østerbø sitt vaskesystem leverer marknadens lågaste dieselforbruk per time. Rekordlåge 14-16 liter.
Pumpa er kraftig vibrasjonsdempa og er svært stillegåande. Dette forbetrar arbeidsforholda ombord i servicebåten betraktelig ved hyppig vasking.
Dieselforbruk ulike modellar


Oppsummert: best for fisken, best for nota, best for miljøet og best for deg.