Østerbø Maskin kan vise til god vekst i fleire år og har store mål om å vekse endå vidare. No ser dei etter ein administrerande direktør som skal leie selskapet vidare inn i neste fase.

Bedrifta med avdelingar på Østerbø og i Sløvåg i Ytre Sogn har i dag omlag 30 tilsette. Dei er leverandør av «litande løysingar» innan strømaggregat, utstyr til havbruksnæringa, elektromekanisk produksjon, elektroinstallasjon og sakkyndig kontroll.Med aggregatleveransar til fleire sjukehus, store landbaserte oppdrettsanlegg og flyplassar å vise til, er dei no eit av vestlandets fremste fagmiljø på strømaggregat.

Ny rolle i selskapet

Steinar Holen har vore dagleg leiar i snart 9 år og går etter eige ynskje over i ei ny rolle i Østerbø Maskin. – Det har vore spennande, lærerike, utfordrande og kjekke år som dagleg leiar i dette hardtarbeidande selskapet. Eg er stolt av det vi har fått til. Men no kjenner eg tida er inne for å late nye krefter ta over roret. Sjølv tek eg til i rolla som driftssjef og skal jobbe med leiing av større prosjekt mot kundar innan oppdrett og industri, seier Holen.

Ambisjonar om vidare vekst

Bedrifta har store ambisjonar og det er difor naturleg å no søkje ein administrerande direktør i staden for dagleg leiar. Dei jaktar i desse dagar ein person med relevant erfaring og utdanning som er klar til å brette opp armane og bygge vidare det solide selskapet. – Vi treng nokon som har ein solid base i botn og ein god porsjon stå-på-vilje på toppen, seier styreleiar Jonny Marøy. – Østerbø har vist at det går an å skape og vekse på små stader og den nye direktøren må ha vilje og tru på å fortsette denne satsinga.

Sjå stillingsannonsa >>