Kim Andre Eide frå Østerbø Maskin AS og Øyvind Høie frå Yatek AS på båten «Ayla» som no er oppgradert til 2019-standard for notvask.

Med ein ny Østerbø Yanmar notvaskerobot er dei rusta til vidare satsing. Leveransen frå Østerbø Maskin AS består av Yanmar notvaskar, slangetrommel og pumpeunit. 

Yatek AS har hatt Yanmar vaskar i drift sidan 2015, og når dei no skulle ha ny vart ein Yanmar vaskar av nyaste årgang det einaste reelle alternativet. – Vi har så klart prøvd og vurdert andre løysingar desse åra vi har drive med notspyling. Men det er ingen som gjer kundane våre så nøgde som Østerbø Yanmar si løysing, fortel dagleg leiar i Yatek AS Øyvind Høie.

Påliteleg

Yatek AS opererar først og fremst i områda frå Nordhordland til Sunnfjord og tilbyr notvask og andre tenester til oppdrettsnæringa.

Øyvind Høie har solid erfaring innan havbruk og notspyling og veit kva han treng av notvaskaren når han no oppgraderer – Pålitelegheit var veldig viktig for oss. Dette produktet krev lite vedlikehald og Østerbø Maskin AS er raskt på plass dersom det er nødvendig med service. I kombinasjon med lågt drivstoff-forbruk gir dette oss låge og forutsigbare driftskostnader.

Fullfører jobben under krevjande forhold

Han fortel at dei er veldig fornøgd med at notvaskaren tåler straum og sjøgang godt slik at dei kan fullføre jobben sjølv under krevjande forhold. – På grunn av lågt trykk og få dyser vaskar den svært trygt og beheld barkestoff på nota lenger enn andre løysingar. Dette gjer kundane våre fornøgde, seier Høie.

Vi er glade for at Yatek har opplevd produktet og leveransen vår så positivt at dei no satsar vidare på oss, seier Jan Erik Søreide, sals og marknadssjef i Østerbø Maskin AS. – Dei har sett at vaskeløysinga vår har eigenskapar som kjem både serviceselskap, oppdrettar og fisk til gode.