F.v. adm.dir. Richard Cornell, Plassjef på Meland Remi Marøy og Sakshandsamar André C. Nepstad i ny Østerbø drakt samband med fusjonen mellom Meland Elektro AS og Østerbø Maskin AS.
Til saman 88 år med erfaring vert samla når Meland Elektro AS fusjonerast inn i Østerbø Maskin AS 10. september 2022. Dei to har vore søsterselskap i Østerbø Gruppa.
– For å sikre rasjonell og sunn drift og bygge eit godt kompetansemiljø innan industrielektro har me valt å fusjonere bedriftene, seier styreleiar i Østerbø Gruppa, Johnny Marøy.
«Nye» Østerbø Maskin AS får 53 tilsette på fire ulike lokasjonar etter fusjonen. Hovudkontoret blir på Østerbø med avdelingar i Sløvåg, på Meland og Dalen i Telemark. Framover satsar dei naturleg nok på elektro, spesielt til bygg, industri, havbruk og maritim. Reservekraft og mekanisk/plastsveis er to andre viktige forretningsområde. Slik vil bedrifta bygge seg opp tre sterke bein å stå på vidare framover.
– Me håpar dette skal gi endå betre heilskaplege løysingar til kundane også. No får me eit større samla elektromiljø som kan ta på seg andre oppdrag enn tidlegare. Det har vore eit godt samarbeid på tvers av bedriftene etter Østerbø Gruppa kjøpte Meland Elektro i 2019 og fusjonen kan no gi ytterlegare stordriftsfordelar, seier Marøy.
Litande løysing
Framover vert det jobba med å bygge felles organisasjonskultur og å jobbe i tråd med slagordet: Litande løysing. – Blant anna satsar me på kvalitets energiløysingar til havbrukskundar, avsluttar Richard Cornell som er adm. dir. i Østerbø Maskin AS.