Om oss
Litande løysing
Østerbø er kjend for å levere litande løysingar til kundar i heile landet. Men kva legg vi eigentleg i dette begrepet?
Litande løysing er eit begrep som brukast for å omtale ei påliteleg løysing.
Eit resultat, ei praktisk ordning, ein måte å gjere noko på som er påliteleg og til å stole på.

Dyktige fagfolk
Vi har dyktige fagfolk med fagbrev og sertifikat. Sertifiserte kontrollørar for sakkunnig kontroll.

Lang erfaring
Gjennom over 45 år har vi opparbeida oss verdifull kompetanse på fagområda våre. Du kan lite på oss.
Berekraft
Med litande løysing i alle ledd jobbar vi med berekraft, HMS og sertifisering.
Jobbe her?
Ta gjerne kontakt med ein open søknad.

Kva er litande løysing i praksis?
Rett produkt og rett kvalitet
Rett, påliteleg og varig løysing
Rett og konkurransedyktig pris
Rett leverings- og garantitid
Litande løysing
Rett funksjonalitet og kapasitet
Rett opplæring og dokumentasjon
Rett oppfølging og support
= Rett og slett fornøgd kunde
Korleis jobbar vi for å nå dette?
I botn for arbeidet vi gjer ligg fire kjerneverdiar som seier litt om korleis vi jobbar oss i mellom og mot deg som kunde for å kvar dag levere litande løysingar.
Engasjert
Med engasjert meinar vi å «vere på», bry seg
Vi kjem med innspel, viser interesse og er løysingsorienterte
Dette er måten vi arbeider på
Lojal
Med lojal meinar vi at vi er til å stole på og dette gir oss eit tydeleg «VI» meir enn «EG»
Respekt
Med respekt meinar vi måten vi møter andre på
Vi lyttar, viser forståing og er imøtekommande
Gjennomført
Med gjennomført meinar vi at vi er tru mot verdiane våre
Dette syner att i haldningane og handlingane våre
Vi gjer som vi seier, og står for det vi har sagt
Litande
litande a3 (presens partisipp av II lite) verd å lite på, påliteleg, sætande
ei litande kjelde, opplysning
Løysing
løysing f3 (norrønt leysing; av løyse)
- det å løyse: spørsmålet krev løysing svar
- resultat som kjem av løysing (I,4): planløysing / finne ei løysing på mysteriet / ei enkel løysing
- praktisk ordning, måte å gjere noko på: finne ei god, tilfredsstillande løysing i omsorga for dei eldre
Litande løysing i 45 år
Sidan Arne Olav Østerbø starta opp i 1977, har Østerbø Maskin AS vokse til å verte ei av dei viktigaste bedriftene i området. Østerbø Maskin AS er leverandør av litande løysingar innan reservekraft,utstyr til havbruksnæringa, og elektromekanisk produksjon.
Du finn oss på Østerbø, i Sløvåg og på Frekhaug. Gjennom over 45 år har vi vore ein praktisk problemløysar for bransjar som havbruk, industri, offshore, landbruk, bygg og anlegg. Vi har brei erfaring med industrivedlikehald, både elektro, automasjon og mekanisk. Bedrifta har i dag omlag 50 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse
Brosjyrer om produkt og tenester
Kontakt oss for ei litande løysing


Jan Erik B. Søreide
Salsansvarleg produkt, Marknadssjef/HMS&KS

Linda Oppedal
Økonomi- og personalsjef