Er du vår nye elektrikar eller automatikar?
Bli med på laget som leverer litande løysingar til kundar innan industri, havbruk og offentleg sektor.
Kva skal du jobbe med?
- Installere og oppgradere elektro- og automasjonsløysingar for industri- og servicekundar.
- Bidra til litande løysingar ved å sikre rett kvalitet til rett pris og rett tid.
- Bidra til at vi held fram med å utvikle oss og tilpasse oss marknadens behov.

Kven er du?
Vi ser etter deg som
- Har fagbrev som elektrikar eller automatikar
- Har førarkort kl B
- Gjerne har nokre års erfaring med liknande arbeid

Kvifor velje oss?
Vi legg vekt på fagleg stoltheit, kvalitet og utvikling. Her blir du ikkje ein i mengda – men ein som faktisk er med og påverkar.
Du får:
- Eit sterkt tverrfagleg miljø med korte beslutningsvegar
- Ein kvardag med ansvar, variasjon og praktisk arbeid
- Konkurransedyktige vilkår
- Eit solid selskap i vekst, med røter i lokalmiljøet – og blikket framover
- 100 % fast stilling
- Oppmøtestad Sløvåg eller Frekhaug – det som passar deg best
Vi kallar det litande løysingar.
Det gjeld ikkje berre for kundane – det gjeld for dei som jobbar her òg.

Kontakt oss
Klar til å ta steget?
Send oss ein kort søknad – eller ta ein uformell prat først. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Send søknad og cv til: linda@osterbo.no
Søknadsfrist: 15.juni, søknader blir vurdert fortløpande

Om Østerbø Solutions
Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege.
Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget