Forsyner havbruk verda over med strøm

27. mars 2017

Forsyner havbruk verda over med strøm

– Det er tøft å sende i veg ei levering strømaggregat frå ”der ingen skulle tru” og ut i den store verda, seier Arve Søreide, salssjef i Østerbø Maskin AS.

Aggregat på trailer

Østerbø Maskin leverte før helga eit parti med strømaggregat til eit verft i Polen. Der skal dieselaggregata monterast på forflåtar som skal vidare ut til havbruk rundt i verda. – Denne leveransen er til Steinsvik AS forflåtar til Spania, Shetland og Canada, seier Søreide, -Tidlegare har vi levert til blant anna Island, Skottland og Færøyane.

Østerbø Maskin har lang erfaring i å levere strømaggregat til straumforsyning og reservekraft til både havbruk og settefiskanlegg. – Havbruk er ein bransje vi kjenner godt og leverer både fleire produkt og litande løysingar til, avsluttar Søreide.