Foto toppbilete: Stine Hommedal / Havforskningsinstituttet
Østerbø Maskin er i gang med å utvikle, produsere og montere tak med luker til ti utandørs oppdrettskar hos Havforskningsinstituttet. Desse blir produsert i aluminium med galvaniserte støttebein. Eksisterande gangbane blir i tillegg heva for å sikre god tilkomst.
Teknisk teiknar
Jens A. S. Brekke hos Østerbø har stadig nye prosjekt på “teiknebrettet”

Sikring av utandørs, landbasert oppdrett

Karlok eller tak er ei kostnadseffektiv løysing for å redusere utfordringar med utandørs plassering av slike kar ved landbaserte forskningsstasjonar og -oppdrettsanlegg. Det minimerer etablering av groe og reduserer faren for smitte utanfrå. I tillegg kan ein med lystette karlok styre lystilgongen til fisken for optimale forhold. Skreddarsydd luke på toppen gjer arbeidskvardagen lett både ved drift og vedlikehald i og ved kara.

«Her får vi brukt kjernekompetansen vår» seier teknisk teiknar Jens A. S. Brekke «Problemløysing og skreddarsaum av litande løysingar for oppdrett er noko av det vi er best på. Vi har erfaring, kompetanse, fagfolk og utstyr til å utføre det meste innan fagfeltet. Det er ikkje alltid ein treng bygge alt på nytt. Av og til er det nok å forbetre og utvikle det ein alt har.»

Teikning av løysinga
Ti utandørs kar får no tak med luker. Produsert i aluminium held vi vekta nede og luker sikrar god tilkomst for dagleg tilsyn og utføring av vedlikehald.
Har du eit liknande behov? Kontakt oss for ein uforpliktande prat
Jens A. S. Brekke

Jens A. S. Brekke

Teknisk teiknar

Kontakt meg om: Prosjektoppdrag, tilbod

pinØsterbø/Sløvåg

telefon48 16 17 22

e-postjens@osterbo.no

Steinar Holen

Steinar Holen

Leiar produkt og produksjon

Kontakt meg om: Verkstad, mekaniske prosjekt

adresseØsterbø

telefon48 16 17 23

steinar@osterbo.noe-post

Om Havforskningsinstituttet

Havforskningsinstituttet er det største marine forskningsmiljøet i Noreg. Ved avdelingane i Bergen, Tromsø, Matre, Austevoll og Flødevigen forskar dei på økosystema i Barentshavet, Norskehavet, Nordsjøen og den norske kystsona. Dei har tilsaman over 1000 tilsette. På Matre har dei drive med forskning på oppdrett av laks sidan 1971. Sjå meir: hi.no

logo havforskningsinstituttet