Ketil Tømmernes ny adm.dir.

19. juni 2023

Ketil Tømmernes ny adm.dir.

Ketil Tømmernes er tilsett som ny administrerande direktør i Østerbø Gruppa AS. Han kjem frå stillinga som administrerande direktør i BKK.

Tømmernes har lang erfaring frå utvikling og leiing av selskap innan energisektoren. Han er utdanna ingeniør, med vidareutdanning innan økonomi og strategisk leiing.

– Eg ser fram til å utvikle selskapet vidare saman med dyktige tilsette. Det er veldig motiverande å komme til ei verksemd med store vekstambisjonar, og få vere med på å bygge arbeidsplassar på Vestlandet, seier Ketil Tømmernes som tiltrer stillinga 1. august.

– Vi ser at Ketil har akkurat den erfaringa med å utvikle selskap som vi var på jakt etter. Med han med på laget kan Østerbø levere litande løysingar til endå fleire kundar enn i dag, seier styreleiar Erik Osland.

Om Østerbø Gruppa

Østerbø Gruppa eig Østerbø Maskin som har omlag 60 tilsette fordelt på Østerbø, Sløvåg og Meland. Dei er kjend som leverandør av litande løysingar innan reservekraft, produksjon i plast og metall, elektro og automasjon.