Låg last på strømaggregat

20. desember 2018

Låg last på strømaggregat

Motoren i strømaggregata er laga for å yte optimalt i 30-100% av maksimum kapasitet. Vedvarande drift med låg last går utover kapasiteten og levetida til motoren. Feil som har samanheng med låg last er ikkje dekka av garanti.

Kva skjer med motoren?

Eit strømaggregat består av motor, generator og styresystem. Ein vanleg motor er ikkje designa for å gå under 30% last. Enkelt fortalt så vil den ikkje oppnå god forbrenning dersom lasten blir for låg over tid og dette slit på utstyret og aukar dieselforbruket pr kwh. Med tida vil du kunne få plager som oljelekkasje og det kan bli tungstarta, Vedlikehaldskostnadene aukar og tryggleiken minkar.

Typiske feil ved bruk med låg last over tid

  • Auka eksosmengde
  • Restar av diesel i motoroljen
  • Ekstra slitasje og/eller oljelekkasje i turboladar
  • Auka trykk i girkasse og veivhus (blowby)
  • Auka avsetting av karbonrestar på ventil, ventilseter, stempel og eksosmanifold
  • Herding av overflatene på sylinder
  • Har du ATS (eksosbehandlingssystem)? Kan føre til lågare effektivitet på dette systemet

Kva er låg last?

Når motoren på strømaggregatet yter under 30% av oppgitt max kapasitet.

Slik unngår du det

  • Låg last bør berre brukast i korte periodar på inntil 15 minutt
  • I vekentlege testar bør tida utan last ikkje vere lenger enn 15 minutt
  • Generatorsettet bør køyrast på maksimum last i fleire timar årleg for å reinske opp systemet. Auk gradvis last frå null til full last i løpet av fire timar. Kan vere du treng ein «lastbank» til dette.

Er skaden alt skjedd?

Første steg for feilretting om du får nokre av feila nemnt her er å køyre på full last i ein periode for å få reinska opp i motoren. 

Kontakt oss for ei vurdering så finn vi ut korleis tilstanden er og kan tilpasse ei løysing til dine behov. Kanskje er løysinga å ha eit lite aggregat i tillegg som tek unna i periodar med lite last?

Himoinsa skriv om låg last her (engelsk) >>

Kontakt oss for strømaggregat som passar dine behov

Arve Søreide

Arve Søreide

Salsansvarleg aggregat agentur

Østerbø

M: +47 48 16 17 24

E: arve@osterbo.no

Magne Halland

Magne Halland

Leiar aggregat

Sløvåg

M: +47 48 16 17 08

E: magne@osterbo.no

Åge Østerbø

Åge Østerbø

Teknisk sjef og installatør

Østerbø

M: +47 48 16 17 26

E: aage@osterbo.no

Sentralbord

Sentralbord

Østerbø

M: + 47 48 16 17 18

E: om@osterbo.no