Elektrikar/automatikar – Sløvåg og Frekhaug

okt 17, 2025

Elektrikar/automatikar – Sløvåg og Frekhaug

For å møte nye prosjekt og større ambisjonar, søker vi deg som vil vere med og skape litande løysingar til kundar innan industri, havbruk og offentleg sektor i Nordhordland og Ytre Sogn.

Vi treng fleire elektrikarar og automatikarar både på Frekhaug og i Sløvåg.

Elektromontør industri

Kva skal du jobbe med?

Hos oss får du jobbe mykje med installasjons- og serviceoppdrag hos næringskundar. Vi har auka oppdragsmengde og treng no deg med på laget.

  • Installere og oppgradere elektro-/automasjonsløysingar
  • Serviceoppdrag hos næringskundar
  • Ex-installasjon og marine installasjonar
  • Bidra til litande løysingar ved å sikre rett kvalitet til rett pris og rett tid

Kvifor velje oss?

Vi legg vekt på fagleg stoltheit, kvalitet og utvikling. Her blir du ikkje ein i mengda, men ein som faktisk er med og påverkar.

Du får:

  • Eit sterkt tverrfagleg miljø med korte vegar til avgjerd
  • Ein kvardag med ansvar, variasjon og praktisk arbeid
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit solid selskap i vekst, med røter i lokalmiljøet og blikket framover
  • 100 % fast stilling
  • Ledige jobbar både i Sløvåg og på Frekhaug

Vi kallar det litande løysingar.
Det gjeld ikkje berre for kundane – det gjeld for dei som jobbar her òg.

Elektriker - foto: Louise Kristine M. Jagedal
Elektrolaerling

Kven er du?

Vi ser etter deg som

  • Har fagbrev som elektrikar eller automatikar
  • Har førarkort kl B
  • Gjerne har nokre års erfaring med liknande arbeid
  • Beherske norsk som arbeidspråk

Kontakt oss

Klar til å ta steget?

Send oss cv-en din, eller ta ein uformell prat først. Vi ser fram til å høyre frå deg.

Send cv til: linda@osterbo.no

Søknadsfrist:  snarast, søknader blir vurdert fortløpande

Remi Marøy

Remi Marøy

Leiar elektro og automasjon

Frekhaug

M: +47 465 44 676

E: remi@osterbo.no

Om Østerbø Solutions

Østerbø Solutions har snart 50 års erfaring frå mellom anna nasjonale leveransar av reservekraft og rørsystem, og er ein betydeleg regional aktør på elektro og automasjon. Vi er stolte over å levere litande løysingar til kundar innan akvakultur, industri og det offentlege. 

Selskapet har i dag ca 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har hovudkontor på Østerbø og avdelingar på Frekhaug, Mongstad og Sløvåg. Velkommen med på laget