Ledig stilling: Prosjektingeniør

29. april 2024

Ledig stilling: Prosjektingeniør

Dei siste åra har Østerbø Solutions AS hatt ein betydeleg vekst innan elektro og automasjon. Elektrifisering, utbygging av ny framtidsretta industri og det grøne skiftet aukar behovet for kompetansen og løysingane våre.

Vi ønskjer no å styrke laget på avdeling elektro og automasjon, med ein teknisk og kommersiell prosjektingeniør, som kan auke kapasiteten vår på sal, marknad, kalkulering og prosjekt. 

Arbeidsoppgåver

  • Følge prosjekt frå A til Å

    • Du er med frå innsal til oppstart, gjennomføring og fullføring av prosjekt
    • Kalkulering, teikning, berekning og prosjektering
    • Kundekontakt og oppfølging
    • Prosjektleiing og anleggsleiing

     

    Som den nye prosjektingeniøren vår får du ei sentral rolle i satsinga vår på elektro, automasjon og leveransar til havbruk, industri og det offentlege.

Rørsveis
Prosjektleiing

Ønska Kvalifikasjonar

Kjenner du deg att i noko av dette? Send oss ein søknad

  • Ønskjeleg med erfaring frå prosjekt til havbruk, industri eller det offentlege
  • Teknisk bakgrunn innan elektro, automasjon eller elkraft
  • God HMS og risikoforståing
  • Du har gode samarbeidsevner, skaper resultat, er sjølvstendig og løysingsorientert

    Vi tilbyr

    • Trygg jobb i ei solid bedrift i vekst. Du blir del av eit sterkt fleirfagleg miljø
    • Spennande stilling med stor moglegheit til å påverke retning og utvikling av Østerbø si elektrosatsing
    • Eit arbeidsmiljø med rom for personleg og fagleg utvikling
    • Konkurransedyktige vilkår
    • Fast 100% stilling
    • Arbeidsstad: Frekhaug, men kan kombinerast med andre lokasjonar
    • Reiseverksemd må påreknast

    Velkommen som søkjar til i ei bedrift i vekst og eit område der det skjer mykje spennande for tida. 

    Østerbø HPS framstilt skjematisk

    Meir informasjon og søknad

    For meir informasjon eller spørsmål om jobben kontaktar du:

    Remi Marøy

    Remi Marøy

    Leiar elektro og automasjon

    Frekhaug

    M: +47 465 44 676

    E: remi@osterbo.no

    Fredrik Knutssøn

    Fredrik Knutssøn

    Leiar forretningsutvikling, installatør

    Østerbø, Frekhaug, Sløvåg

    M: +47 400 89 399

    E: fredrik@osterbo.no

    Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no  innan 21. mai

    Om oss

    Østerbø Solutions har i snart 50 år jobba for å vere ein Leiande leverandør av sikker strømforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og offentleg.

    Bedrifta har i dag omlag 65 tilsette med sterk fleirfagleg kompetanse, aktive eigarar og ambisiøse vekstambisjonar. Vi har eit stort fagmiljø på elektro og automasjon med avdelingar på Frekhaug, Mongstad, Østerbø og Sløvåg som kvar dag jobbar med å levere litande løysingar til kundane våre. Vi er ein del av Østerbø Gruppa. Velkommen med på laget!